Fernande Bochatay
Fernande Bochatay (fødd 23. januar 1946), frå landsbyen Les Marécottes i Salvan i kantonen Valais, er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vann bronsemedaljen i storslalåm under vinter-OL 1968.
Fernande Bochatay | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 23. januar 1946 (78 år) Salvan i Sveits |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1964, Alpint under Vinter-OL 1968 – Storslalåm kvinner |
Aktiv
endreBochatay var debuterte i vinter-OL 1964 i Innsbruck med ein delt niandeplass i storslalåm. Vinteren 1968 var ho i sitt livs form. I januar og februar vann ho tre renn i verdscupen i alpint. Høgdepunktet kom likevel inn i mellom dei tre sigrane, då ho under vinter-OL 1968 i Grenoble fekk bronse i storslalåm bak kanadiske Nancy Greene og franske Annie Famose. I verdscupen i alpint 1968 kom ho på femteplass i samandraget, og vart beste sveitsar. Til saman kom ho sju gongar på pallen i renn i verdscupen (3-2-2).
I 1969 var ein fjerdeplass i storslalåm i Sterzing hennar beste resultat i verdscupen. Etter den sesongen var resultata langt svakare, og Bochatay la opp i 1972.
Verdscupsigrar
endreDato | Stad | Land | Øving |
---|---|---|---|
5. januar 1968 | Oberstaufen | Tyskland | Storslalåm |
25. januar 1968 | Saint-Gervais | Frankrike | Slalåm |
24. februar 1968 | Oslo | Noreg | Storslalåm |
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Fernande Bochatay – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Denne artikkelen bygger på «Fernande Bochatay» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2012.