Fernando Torres

spansk fotballspelar

Fernando José Torres Sanz (fødd 20. mars 1984 i Fuenlabrada i Madrid-regionen) er ein spansk fotballspelar, som har spela i angrep for Chelsea i engelsk Premier League, og det spanske landslaget. Han spelte for Liverpool frå 2007 til 2010 og var toppskåraren deira i Premier League i 2007/08- og 2009/10-sesongen. Med Chelsea har han vore med på vinna FA-cupen (2012), Europaligaen (2013) og den europeiske Meisterligaen (2012). Han debuterte for landslaget 6. september 2003 i ein vennskapskamp mot Portugal. Han tok del i Spania sine troppar til EM og VM i 2004, 2006, 2008, 2010, 2012 og 2014. I 2008 vart han matchvinnar i EM-finalen då Spania vart europameistrar. I fotball-VM i 2010 spelte han i alle Spania sine sju kampar då dei vart verdsmeistrar. I fotball-EM i 2012 spelte han i fem av Spania sine seks kampar då dei igjen vart europameistrar. Han vart delt toppskårar i turneringa, med tre mål. Mellom anna skåra han 3-0-målet i Spania sin 4-0-siger over Italia i EM-finalen.

Fernando Torres
Personleg informasjon
Fullt namn Fernando José Torres Sanz
Fødd 3. august 1984
Fødestad Fuenlabrada
Høgd 185 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Chelsea
Nummer 9
Ungdomsklubbar
1995-2001 Spania Atlético Madrid
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-07
2007-11
2011-
Spania Atlético Madrid
Liverpool
Chelsea
214 (82)
102 (65)
110 (20)
Landslag
2002-03
2003-
Spania Spania U21
Spania Spania
10 (3)
107 (37)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 30. mai 2014

Bakgrunnsstoff

endre