Opna hovudmenyen
Logoen til turneringa

Europaligaen (engelsk; UEFA Europa League) er ei årleg fotballturnering for europeiske fotballag som vert arrangert av UEFA.

Europaligaen har vore arrangert sidan 2009, og kom i staden for UEFA-cupen som vart nedlagt det året. Også ei anna fotballturnering, UEFA Intertoto Cup, vart nedlagt samstundes. Turneringa omfattar ei utvida rekke med kvalifiseringskampar, basert på rangering av ulike nasjonale seriar. Sjølve Europaligaen opnar med gruppespel, der dei beste klubbane går vidare til cupspel. Når dei avgjerande cuprundane tek til, får også nokre lag utslegne or Meisterligaen plass i Europaligaen.

Finalane i EuropaligaenEndra

Europaliga-finalar
Sesong Land Vinnar Resultat Tapar Land Stadion Tilskodarar
2009/10   Atlético Madrid 2–1 [F] Fulham   Hamburg Arena, Hamburg 49 000
2010/11   Porto 1–0 Sporting Braga   Dublin Arena, Dublin 45 391
2011/12   Atlético Madrid 3–0 Athletic Bilbao   Arena Națională, Bucuresti 52 347
2012/13   Chelsea 2–1 Benfica   Amsterdam Arena, Amsterdam 46 163
2013/14   Sevilla 0–0*[G] Benfica   Juventus stadion, Torino 33 120
2014/15   Sevilla 3-2 Dnipro Dnipropetrovsk   Nasjonalstadion, Warszawa 45 000
2015/16   Sevilla 3-1 Liverpool FC   St. Jakob-Park, Basel 34 429
2017   Manchester United 2-0 Ajax   Friends Arena, Solna 46 961

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra