Ferromagnetisme
Ferromagnetisme er ein magnetisk eigenskap som kjenneteiknar visse material (liknande magnetiske eigenskapar er ferrimagnetisme og antiferromagnetisme). Dei fleste tilfella av magnetisme i kvardagen stammar frå ferro- eller ferrimagnetiske stoff, såkalla permanentmagnetar.
Ferromagnetiske material lèt seg magnetisere av eit ytre magnetfelt og magnetiseringa vil ikkje forsvinne etter at feltet er fjerna. Magnetiseringa til ein ferromagnet som er magnetisert og seinare fjerna frå feltet blir kalla den remanente magnetiseringa Mr. Det ytre feltet som blir kravd for å snu magnetiseringa blir kalla det koersive feltet Hc.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ferromagnetisme» frå Wikipedia på bokmål, den 28. februar 2011.