Ferrosilisium er ei legering av jern og silisium, der innhaldet av silisium kan vere 45–75 prosent.[1]

Ferrosilisium

Legeringa kan produserast med karbontermisk reduksjon, der malmar av det ønskte produktet reagerer med karbon under høgre temperaturar i ein smelteomn. Ferrosilisium er eit halvfabrikat og kan brukast som reduksjonsmiddel og legeringselement i produksjonen av stål og støypejern.[2]

Ferrosilisium er produsert i Noreg, mellom anna hjå føretaka Finnfjord smelteverk og Elkem.

Kjelder endre

  1. «ferrosilisium». Store norske leksikon. 28. september 2018. Henta 8. mars 2020. 
  2. «Ferrosilisium». Finnfjord AS. Henta 8. mars 2020.