Babylonisk relieff, kjend som Nattas dronning, frå rundt 1775 f.Kr. Kunstverket viser ei grødegudinne frå oldtida, truleg Isjtar eller Eresjkigal, men kan også visa gudinna Lilitu, som er kalla Lilith i Bibelen. Materialet er brendt leire, og gudinna har vore raudmåla.

Grøderikdom, frævleik, fertilitet eller fruktbarheit viser til livsformer si evne til å veksa og formeira seg. For menneske har det alltid vore viktig å få god grøde frå jorda, dyr og kvarandre, og det er brukt mykje tid og krefter, gjennom alt frå magiske og religiøse ritual til vitskapleg forsking, for å auke evna til formeiring.

Jordforskar under arbeid.

Sjå ògEndra