Raud er fargen ved enden av det synlege lysspekteret, ved sidan av oransje. Fargen har ei dominerande bølgjelengd på rundt 625–740 nanometer.[1] Raudt er ein primærfarge i fargemodellane RGB og CMYK. Han er komplementærfarge til cyan.

Raud
 

Spektrale koordinatar
Bølgjelengdca. 625–740 [1] nm
Frekvens~480–400 THz
HTML-farge#FF0000
sRGBB  (rgb)(255, 0, 0)
B: Normalisert til [0–255] (byte)

Raudfargen til himmelen ved solrenning og soleglad er ei følgje av rayleighspreiing av sollyset. Raudfargen i jord og berg som Grand Canyon kjem av hematitt eller raud oker, begge former av jernoksid. Jernoksid er også det som gjev planeten Mars raudfarge. Raudfargen til blod kjem frå proteinet hemoglobin, medan plantar som mogne jordbær, raude eple og raudt haustlauv er farga av antocyanin.[2]

Fysikk endre

Raudt lys har den lågaste frekvensen som menneskeauget kan sjå. Bølgjelengda er rundt 630-760 nm. Ein lågare frekvens gjev infraraudt lys, som ikkje er synleg for oss. Raudfargen er på grunn av dette den ytste fargen i regnbogen.

Mange fiskar og skaldyr ser raude ut når dei kjem opp frå havet. Men sjøvatn absorberer ofte raudfargen, slik at dei eigentleg er svarte og dermed kamuflerte nede på djupet.

Oksidert jern gjev òg ein raud farge, som me mellom anna kan sjå i jernrik jord og i blod som inneheld hemoglobin.

Funksjon endre

Som varselsfarge kan han tyda stopp, som i trafikklys og som raudt kort på fotballbanen, eller berre vera åtvarande, som på brannbilar eller raud fluesopp.

Symbolikk endre

Lukke endre

 
Ein raud hane varslar om det nye kinesiske haneåret.

Det knyter seg sterk symbolikk til fargen, både gammal og ny. I India og Kina blir han sett på som svært lykkebringande. Det er vanleg for ei brur i begge landa å bera raudt når ho giftar seg, og feiringa av det kinesiske nyttåret inneber så mykje bruk av raudt ein kan.

Blod endre

Raudt er fargen til blod, og han blir derfor rekna som livsens farge, men òg til ulukker, som i symbola til Raudekrossen. Sambandet mellom krigsguden Mars og den raude planeten Mars har gjort raud til ein farge for krig og vald. Romarane brukte eit raudt flagg som krigsflagg.

Kyrkje endre

I kristen tradisjon har fargen vore eit symbol på kjærleik, lidenskap og seksualitet, slik at mellom anna Maria Magdalena framstilla som ei synderinne ofte ber raudt. Men som liturgisk farge er raudt symbol for kyrkja og den heilage anden, og blir brukt ved særskilde høgtider og feiringar av martyrar.

Revolusjon endre

I moderne tid er raudt blitt fargen til venstresida, og er blitt brukt av fleire grupper, frå arbeidarrørsla til revolusjonære geriljagrupper. Den raude stjerna og det raude flagget er døme på dette.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Georgia State University Department of Physics and Astronomy. «Spectral Colors». HyperPhysics site. Henta October 20, 2017. 
  2. Archetti, Marco; Döring, Thomas F.; Hagen, Snorre B.; Hughes, Nicole M.; Leather, Simon R.; Lee, David W.; Lev-Yadun, Simcha; Manetas, Yiannis; Ougham, Helen J.; Schaberg, Paul G.; Thomas, Howard (2011). «Unravelling the evolution of autumn colours: an interdisciplinary approach». Trends in Ecology & Evolution 24 (3): 166–73. PMID 19178979. doi:10.1016/j.tree.2008.10.006. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raud