Festplassen ved nordenden av Lille Lungegårdsvannet.

Festplassen er namnet på ein open plass ved nordenden av Lille Lungegårdsvannet i Bergen sentrum. Frå 1929 har Festplassen vore staden der feiringa av 17. mai i Bergen går føre seg etter at prosesjonane (som 17. maitoga i Bergen vert kalla) er avslutta. Då er det tradisjon for at det er sett opp på plassen ei scene som er forma som eit vikingskip, som mellom anna talene for dagen vert halde frå. Det er òg tradisjon for at det er sett opp to glatte og høge trestolpar, klatrestenger, der det i toppen vert hengd opp gjenstandar av ulik art som dei vågale og dyktige kan klatre opp og få til odel og eige om dei får hekta dei ned.

Festplassen har òg vore arena for mange arrangement som til dømes tivoli og sirkus, og dessutan for den lysfesten som vert skipa til i området kring Lille Lungegårdsvannet før jul.

I perioden frå 1967 til 2003 var Festplassen vanlegvis i bruk som såkalla «mellombels parkeringsplass». Men i juni 2003 tok arbeidet til med å forma Festplassen om til den bilfrie sona som plassen framstår som i dag, med steinlegging og arkitektonisk utforming som gjer han til ein samanhengande del av parkområdet kring Lille Lungegårdsvannet. Plassen vart gjenopna for publikum i november 2004.[1]

Namnet Festplassen på denne plassen er i røynda eit uoffisielt namn, ettersom dette namnet aldri har vore vedteke på formelt vis. Truleg er det ei innstilling i 1936 frå rådmannen i byen som er opphavet til namnet, då det i innstillinga står at «[...] i nordenden av Lille Lungegårdsvann vil det bli anlagt en festplass». Så sjølv om namnet Festplassen er velkjend og særs godt innarbeidd hjå både styresmakter og folk flest, har plassen eigenleg ikkje noko namn.

Særlege hendingar på FestplassenEndra

Laurdag 2. april 2011 blei ein hoppemadrass som stod på Festplassen teken av vinden. Den flaug bortover og øydela to trafikklys og ni personar blei sende til sjukehus. Hoppemadrassen, som høyrde til idrettslaget Viking, var ikkje sikra.[2][3][4]

ReferansarEndra