Fichtelgebirge er ei fjellkjede nordaust i Bayern i Tyskland. Ho strekkjer seg frå dalen til elva Main og til den tsjekkiske grensa, der ho held fram som Erzgebirge, som igjen er ein del av Böhmerwald.

Fichtelgebirge
fjellkjede
Landskap i Fichtelgebirge
Land  Tsjekkia,  Tyskland
Del av Krušnohorská hornatina
Kart
Fichtelgebirge
50°3′ N 11°51′ E
Wikimedia Commons: Fichtelgebirge

Det høgaste fjellet er Schneeberg på 1 051 meter over havet. Elvar som har sitt utspring i Fichtelgebirge er Kvite Main (tysk Weißer Main) , Saale, Ohře (tysk Eger) og Fichtelnaab, som seinare renn i hop med Waldnaab. Av byar ved foten av fjellet finn ein Bayreuth og Hof.

Fjella stig bratt opp i vest, medan dei heller sakte mot nord og sør.

Fichtelgebirge trekkjer til seg mange turistar om både sommar og vinter, hovudsakleg for tur- og skigåing, men òg for å sjå dei store bergformasjonane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Koordinatar: 50°00′N 12°00′E