Ohře
- Sjå òg den tyske elva Ohre
Ohře (tysk Eger) er ei 291 km lang elv i Tyskland og Tsjekkia, og ei av sideelvane til Elbe frå venstre.
Ohře | |||
elv | |||
Eger i Loket i Tyskland
| |||
Land | Tsjekkia, Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 255 km² | ||
Lengd | 291 km | ||
Middelvassføring | 38 m³/s | ||
Kjelde | Fichtelgebirge i Tyskland | ||
Munning | Elbe ved Litoměřice i Tsjekkia | ||
Ohře 50°05′39″N 12°14′01″E / 50.094198°N 12.233529°E | |||
Wikimedia Commons: Ohře |
Eger, som ho heiter i Tyskland, har utspring i Bayern vert foten av Fichtelgebirge nær landsbyen Weißenstadt. Etter om lag 35 km kryssar ho grensa til Tsjekkia.
Ho renn gjennom byane Cheb, Karlovy Vary, Klášterec nad Ohří, Kadaň, Žatec, Louny og Terezín før ho munnar ut i Elbe ved Litoměřice.
Dei største sideelvane hennar er Teplá, Chomutovka og Odrava.
Nedslagsfeltet til elva er 6 255 km², der 5 614 km² er i Tsjekkia og 641 km² i Tyskland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ohře» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2007.