Deadpool er ein amerikansk superheltfilm frå 2016, basert på Marvel Comics-karakteren under same namn. Filmen er den åttande i filmserien X-Men og den første Deadpool-filmen. Han er regissert av Tim Miller og skriven av Rhett Reese og Paul Wernick, med Ryan Reynolds i hovudrolla, i tillegg til Morena Baccarin, Ed Skrein, T.J. Miller, Gina Carano og Brianna Hildebrand i andre roller. Handlinga i filmen fokuserer på Wade Wilson som er på jakt etter mannen som gav han mutant-superkrefter, men også ein arrete utsjånad, som antihelten Deadpool.[7]

Deadpool
RegiTim Miller Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)Stan Lee Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Lauren Shuler Donner, Simon Kinberg, Ryan Reynolds Sjå dette på Wikidata
ManusRhett Reese, Paul Wernick Sjå dette på Wikidata
Basert påDeadpool Sjå dette på Wikidata
MedverkandeRyan Reynolds, Morena Baccarin, Ed Skrein, T.J. Miller, Gina Carano, Brianna Hildebrand, Andre Tricoteux, Leslie Uggams, Jed Rees, Karan Soni, Taylor Hickson, Randal Reeder, Isaac C. Singleton Jr., Stan Lee, Rob Liefeld, Stefan Kapičić, Rob Hayter Sjå dette på Wikidata
KlippJulian Clarke Sjå dette på Wikidata
MusikkJunkie XL Sjå dette på Wikidata
SjeffotografKen Seng Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapMarvel Entertainment, The Donners' Company, TSG Entertainment, Genre Films Sjå dette på Wikidata
Distributør20th Century Studios, InterCom, Netflix, Disney+ Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato11. februar 2016 (Tyskland),[1][2][3] 10. februar 2016 (Frankrike), 2016, 12. februar 2016 (USA)[4]
Lengd109 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening782 836 791 US-dollar (verdsfemnande),[5] 363 070 709 US-dollar (USA)[6]
Sjangeractionfilm, superheltfilm, svart komedie, Erotiske filmar Sjå dette på Wikidata

Deadpool vart publisert i USA 12. februar 2016, etter ein ukonvensjonell marknadskampanje der reklame for filmen vart sirkulert hyppig over internettet. Filmen vart ein kommersiell og kritisk suksess. Han tente inn over 783 millionar USD mot eit budsjett på 58 millionar USD.[8] Filmen fekk positiv omtale for skodespelet til Reynolds, humoren og for å vere trufast til dei opphavlege teikneseriane. Ein oppfølgjar, Deadpool 2, vart utgjeven i mai 2018.

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Filmen Deadpool