Stan Lee (fødd Stanley Martin Lieber 28. desember 192212. november 2018[1]) var ein amerikansk manusforfattar, teikneserieskapar og redaktør for Marvel Comics.

Stan Lee

Pseudonym Stan Lee
Statsborgarskap USA
Fødd 28. desember 1922
Manhattan
Død

12. november 2018 (95 år)
Cedars-Sinai Medical Center

Yrke forleggjar, tegneserieforfatter, redaktør, filmprodusent, journalist, science fiction-forfattar, filmskodespelar, soldat, programleiar, manusforfattar, bedriftsleiar, stemmeskodespelar, ansvarlig produsent, skribent
Språk angloamerikansk
Høgd 1,80 meter
Sjanger teikneserie
Religion agnostisisme
Ektefelle Joan Boocock Lee
Signatur
Stan Lee på Commons

Lee var kjend for å ha skapt ei rekkje av dei best kjende figurane til Marvel, særleg i lag med Jack Kirby, men også med Steve Ditko og andre teiknarar. Blant dei mest kjende kan nemnast Spider-Man, Hulk, De fantastiske 4, X-Men, Daredevil, She-hulk, Thor, Iron Man og Doctor Strange. I filmar som føregjekk i Marvel-universet hadde Lee ei rekkje cameoroller.

12. november 2018 blei Lee henta heime av sjukebil og frakta til sjukehus. Han døydde der kort tid seinare, 95 år gammal.[2]

Kjelder endre

  1. Rano Tahseen (12. november 2018). «Tegneserieskaper Stan Lee er død». VG. 
  2. «Superheltenes far er død». Dagbladet. NTB. 12. november 2018.