Filmen Inside Out

Inside Out (norsk tittel: Innsiden ut) er ein amerikansk dataanimert filmkomedie frå 2015, produsert av Pixar Animation Studios og utgjeven av Walt Disney Pictures. Han vart regissert av Pete Docter i samarbeid med Ronnie del Carmen, med eit filmmanus skrive av Docter, Meg LeFauve og Josh Cooley, etter ei historie av Docter og del Carmen. Filmen går føre seg i hugen til den unge jenta Riley, der fem personleggjorde kjensler, Glede, Sorg, Frykt, Sinne og Mothug, prøver å leie henne gjennom livet medan ho og foreldra sine tilpassar seg nye omgjevnader etter å ha flytta frå Minnesota til San Francisco.

Inside Out
Norsk tittel: Innsiden ut
RegiPete Docter, Ronnie del Carmen Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)John Lasseter Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Jonas Rivera, John Lasseter, Andrew Stanton Sjå dette på Wikidata
ManusPete Docter, Meg LeFauve, Josh Cooley, Ronnie del Carmen, Bill Hader, Michael Arndt, Amy Poehler Sjå dette på Wikidata
Stemme­skodespelarAmy Poehler, Phyllis Smith, Bill Hader, Lewis Black, Mindy Kaling, Diane Lane, Kyle MacLachlan, John Ratzenberger, Kaitlyn Dias, Richard Kind Sjå dette på Wikidata
KlippKevin Nolting Sjå dette på Wikidata
MusikkMichael Giacchino Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapPixar, Walt Disney Pictures Sjå dette på Wikidata
DistributørNetflix, Disney+, Fórum Hungary, Walt Disney Studios Motion Pictures Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato19. juni 2015 (USA)[1]
Lengd94 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening857 611 174 US-dollar (verdsfemnande),[1] 356 921 711 US-dollar (USA)[2]
Sjangerfilmkomedie, fantasyfilm, familiefilm, eventyrfilm, dramafilm, dramakomedie, barnefilm Sjå dette på Wikidata

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 http://www.boxofficemojo.com/movies/?id=pixar2014.htm.
  2. https://www.boxofficemojo.com/title/tt2096673/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 19. mai 2022.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Filmen Inside Out


  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.