Filmen Kjærlighet
Kjærlighet er ein norsk spelefilm frå 2024, skriven og regissert av Dag Johan Haugerud. Filmen er den tredje i filmtrilogien hans Sex Drømmer Kjærlighet, som saman med dei to fyrste filmane, Sex og Drømmer, hadde kinopremiere i 2024.[1]. Andrea Bræin Hovig og Tayo Citadella Jacobsen spelar hovudrollene i filmen.[2]
Regi | Dag Johan Haugerud | ||
---|---|---|---|
Manus | Dag Johan Haugerud | ||
Klipp | Jens Christian Fodstad | ||
Musikk | Peder Kjellsby | ||
Sjeffotograf | Cecilie Semec | ||
Utgjevingsdato | 2024 | ||
Lengd | 119 minutt | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk | ||
Sjanger | dramafilm |
Kjærlighet hadde verdspremiere under Filmfestivalen i Venezia i september 2024.[3] Filmen hadde norsk kinopremiere 25. desember 2024.
Handling
endreKjærlighet presenterer legen Marianne og sjukepleiaren Tor. På ferjeturen heim frå ein date møter Marianne Tor, som avslørar at han brukar nettene på ferja for å finne tilfeldige mannlege sexpartnarar. Ifølgje Tor kan det oppstå nære samtalar i samband med slik cruising, og Marianne byrjar å vurdere om dette også kan vere aktuelt for ho.[3]
Skodespelarar
endre- Andrea Bræin Hovig
- Tayo Citadella Jacobsen
- Marte Engebrigtsen
- Thomas Gullestad
- Lars Jacob Holm
- Morten Svartveit
Prisar og nominasjonar
endrePris | Kategori | Nominert/vinnar | Resultat |
---|---|---|---|
Bisato d'Oro[4] | N/A | Vann | |
Gulløven[3] | N/A | Nominert |
Kjelder
endre- ↑ «Filmhøsten 2024». nfi.no. 9. august 2024. Henta 21. august 2024.
- ↑ «Skriver norsk filmhistorie i Venezia». Dagsavisen. 23. juli 2024. Henta 23. juli 2024.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Historisk: Norsk spillefilm i hovedkonkurransen på filmfestivalen i Venezia». nfi.no. 23. juli 2024. Henta 23. juli 2024.
- ↑ «Pris til norsk film i Venezia». nrk.no. 6. september 2024. Henta 6. september 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Kjærlighet (film)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2024.