Klaus er ein spansk 2D-animert jule-dramakomedie frå 2019, skriven og regissert av Sergio Pablos, produsert av selskapet Sergio Pablos Animation Studios og distribuert av Netflix. Jason Schwartzman, J. K. Simmons, Rashida Jones, Will Sasso, Neda Margrethe Labba, Sergio Pablos, Norm Macdonald og Joan Cusack gjev stemmer til karakterane i filmen. Klaus skildrar ei alternativ historie om opphavet til julenissen, uavhengig av Sankt Nikolaus og i ein fiktiv setting frå 1900-talet, som handlar om ein postmann stasjonert i ei øybygd langt mot nord som blir kjend med ein einstaka leikemakar, Klaus.

Klaus
RegiSergio Pablos Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Jinko Gotoh, Sergio Pablos, Marisa Román, Marisa Román Sjå dette på Wikidata
ManusSergio Pablos, Jim Mahoney, Zach Lewis Sjå dette på Wikidata
Stemme­skodespelarJason Schwartzman, J. K. Simmons, Rashida Jones, Will Sasso, Sergio Pablos, Norm Macdonald, Joan Cusack Sjå dette på Wikidata
KlippPablo García Revert Sjå dette på Wikidata
MusikkAlfonso G. Aguilar Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapAniventure, Netflix Animation Sjå dette på Wikidata
DistributørNetflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato2019, 8. november 2019 (USA)[1]
Lengd96 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandSpania Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Sjangereventyrfilm, animasjonfilm, julefilm, komedie, drama Sjå dette på Wikidata

Klaus vart utgjeven 8. november 2019 og fekk positiv mottaking for animasjonen, historia og stemmeskodespelet. Han vann sju prisar under Annie Award-utdelinga i 2020, og vart nominert til ein Oscar-pris for beste animerte langfilm for 2019.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre