Filmen Ran
Ran (japansk 乱 kaos, oppreist) er ein japansk spelefilm frå 1985 av Akira Kurosawa. Han er løyseleg tufta på Shakespeares Kong Lear og legender av Mori Motonari, og filmen er av filmkritikarar rekna som eit av dei største visuelle meisterverka nokon sinne.
Filmen vann Oscarpris i 1985, og Amandaprisen for beste utanlandske film i 1986.
Ran handlar om ein konge som forviser ein av sønene sine frå riket. Nokre år seinare kjem dei to andre sønene i krig med kvarandre, og kongen lengtar etter den tredje sonen sin.