Finn Bø
Finn Valdemar Johan Bø (4. juli 1893–24. april 1962) var ein norsk vise- og revyforfattar, journalist og instruktør.
Finn Bø | |||
Fødd | 4. juli 1893 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 24. april 1962 (68 år) | ||
Verka som | journalist, manusforfattar, låtskrivar |
Finn Bø vart utdanna ingeniør i 1916. Han byrja som journalist og skribent i 1920 og var knytt til revyteateret Chat Noir i Oslo frå 1927 til 1940. Han skreiv 600 viser, blant anna tekstene til dei populære songane «Norge i rødt, hvitt og blått» (1945) og «Nå går'n på gummisåler» (Einar Rose, 1961). Filmsuksessen En herre med bart frå 1942 er basert på Finn Bø sitt lystspel Det store spørsmål.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Finn Bø» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mars 2019.