Finn Petter Berg
Finn Petter Berg (1930–8. september 1989) var ein norsk flygar, kjend frå Partnair-ulukka. Berg starta med glidefly 16 år gammal og tok flygarutdanning på eiga hand på Fornebu på 1950-talet, der han òg bygde sitt eige fly. Han arbeidde i ulike selskap, Fjellfly, Widerøe og deretter frå 1965 i East African Airways. Der var han i tolv år og var kaptein på DC-9 fram til 1977, då selskapet gjekk konkurs. Siste engasjement var som kaptein i Partnair. Berg hadde etterkvart akkumulert 16 000 timar i loggboka.
Finn Petter Berg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. februar 1930 |
Død |
8. september 1989 (59 år) |
Yrke | flygar |
Berg omkom då han var styrmann på Partnair-flyet som styrta i Skagerrak.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Finn Petter Berg» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Finn Petter Berg Arkivert 2016-07-15 ved Wayback Machine. i Skywards