66°12′34″N 13°47′32″E / 66.20944°N 13.79222°E / 66.20944; 13.79222 Finneidfjorden er ein fjordarm av Ranfjorden i Hemnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5,5 km sørvestover til Finneidfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Nesodden i nordvest og Forneset i søraust. Halvvegs inn i fjorden ligg grenda Svalsenget på nordvestsida. Tettstaden Finneidfjord ligg på eit eid som er om lag 550-650 meter breitt. På andre sida ligg Sørfjorden. Eidet går vestover til Hemneshalvøya.

E6 går langs austsida av fjorden.