Finrod, eller Finrod Felagund, er namnet på ein alvekonge i J.R.R. Tolkiens legendarium. Han har ein stor plass i boka Silmarillion.

Legendariet endre

Finrod var son av alvekongen Finarfin, yngste son av kong Finwë, og Eärwen av Alqualondë. Han var eldst av fem born, og søster hans var Galadriel. I Valinor hang han mykje ihop med Turgon og Fingon, og då opprøret til Fëanor braut ut, reiste han og brørne hans til Midgard, medan faren Finarfin reiste attende til Valinor. Finrods folk var ikkje med på frendedrapa i Alqualondë, og kom for seint til å stanse denne hendinga.

I Midgard kom Finrod med tida til å byggje den løynde festninga Nargothrond etter tilvising frå valaen Ulmo, og samla mykje folk der. Etter dette gjekk han ofte under namnet Felagund, eit namn som vart gjeve han av dvergane. Finrod var og den første som råka på manneætta då desse kom inn i Beleriand. På grunn av frendskapen til Thingol heldt han seg langt unna Fëanorssønene, og dette var ein del av ulukka i noldofolket. I det store slaget Dagor Bragollach vart Finrod berga av Barahir, og som takk for hjelpa gav Finrod han ein kosteleg ring, som Barahir kunne syne om han eller slekta hans trong hjelp. Då Barahir seinare miste livet og hovdingdømet hans vart herja, vann Beren son hans att denne ringen, og kom seinare til Nargothrond etter hjelp. Finrod reiste då av med Beren, og båe to vart fanga av Sauron, som pinte dei på mange vis. Men Finrod kjempa ein avgjerande kamp med Sauron inntil han fall, og gav slik sett livet sitt for Berens skuld. Kongedømet Nargothrond gjekk vidare til Orodreth, ein yngre bror av Finrod.

Finrod vart rekna som den mest omgjengelege av alle sonesønene til Finwë, og var lyshåra som søstera Galadriel. Langt dei fleste i slekta var mørke i håret.

Utviklinga av legendariet endre

Namnet Finrod var i den tidlege fasen knytt til den kongen som seinare vart kalla Finarfin. Namneskiftet kan dokumenterast i den utgåva av Leithian-kvadet som låg føre i 1955, altså etter at Ringdrotten var utgjeven. Finrod slik han er skildra over, var lenge kalla Inglor Felagund, son av Finrod. Denne Inglor finn ein spor etter heilt attende til The Book of lost tales frå om lag 1917.

I Ringdrotten møter hovudpersonen Frodo ein flokk høgalvar i skogane, og føraren for desse presenterer seg som "Gildor Inglorion av Finrodsætta". Sidan denne delen av boka vart skriven i 1938 og vart ståande uforandra, kunne ein tenkje seg at Gildor var son av Inglor (quenya-lekken -ion tyder "son av"). I eit notat til si utgåva av "the lost tales" kommenterer Christopher Tolkien at den første utgåva av Ringdrotten (Tillegg F: om omsetjing) hadde sett namna etter den eldste versjonen: Finrod = Finarfin, Inglor = Finrod. I andreutgåva, som vart gjeldande for seinare utgjevingar, vart denne feilen retta. Men "Gildor Inglorion" står framleis att i tredje kapittel av Ringdrotten.