John Ronald Reuel Tolkien (3. januar 18922. september 1973) var ein britisk filolog ved Universitetet i Oxford, frå 1925 til 1945 tilsett som professor i angelsaksisk, og frå 1945 til 1959 som professor i engelsk språk og litteratur. Han er likevel mest kjend for forfattarskapen sin, og vert i dag rekna som skaparen av moderne fantastisk litteratur, som sidan hans tid har vorte ein umåteleg populær sjanger over heile verda.

J.R.R. Tolkien

Pseudonym Oxymore
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 3. januar 1892
Bloemfontein
Død

2. september 1973 (81 år)
Bournemouth

Yrke lingvist, lyrikar, universitetslærar, barnebokforfattar, omsetjar, litteraturkritikar, essayist, offiser, forfattar, skribent, historikar, illustratør, lærar, prosaforfatter, filolog
Språk engelsk
Formue 190 577 britisk pund
Sjanger fantasy, barnelitteratur, omsetjing, litteraturvitskap, dikt, prosa
Medlem av Royal Society of Literature, Tea Club and Barrovian Society
Religion Tradisjonalistisk katolisisme, katolisisme
Far Arthur Reuel Tolkien
Mor Mabel Suffield
Ektefelle Edith Tolkien
Born John Tolkien, Michael Tolkien, Christopher Tolkien, Priscilla Tolkien
J.R.R. Tolkien på Commons

Forfattarskap endre

Dei best kjende Tolkien-bøkene er The Hobbit (Hobbiten), The Lord of the Rings (Ringdrotten) og The Silmarillion (Silmarillion), som til saman skildrar, med enorm detaljrikdom, ei tenkt verd kalla Middle-earth. Lingvisten Tolkien fann opp eigne språk til den mytiske verda si, han dikta opp ei eiga verdshistorie, og han teikna kart over fantastiske rike der menneske og menneskeliknande skapningar som alvar, dvergar og hobbitar lever side om side i mellomalderaktige samfunn. For alvane sine laga han eit fullstendig språk, som er vel dokumentert.

Tolkien hadde studert mytologi. Han såg på gamle mytar og gudelære først og fremst som kulturberarar, og han var imponert over mellom anna den norrøne gudetrua. Trass i inngåande kjennskap til Beowulf og Kong Arthur-mytane, syntest Tolkien at Storbritannia mangla ein eigen mytologi, og han sette seg difor føre å skapa ein. Som ingrediensar i mytologien sin brukte han mellom anna norrøne namn frå Edda og historier frå det finske nasjonaldiktverket Kalevala. Verda i bøkene, Middle-earth, er kalla opp etter Midgard, som var heimen til menneska i norrøn mytologi.

I likskap med forfattarskapet til C. S. Lewis, som Tolkien var venn med, finst det mykje poesi i dei fantastiske bøkene til Tolkien, og han skreiv òg mykje lyrikk.

Fenomenet Tolkien endre

Hobbiten først vart gitt ut, var det få som venta at ein skulle selja mange kopiar. Salet tok likevel av, og då Ringenes Herre kom ut om lag femten år seinare var det mange som hadde venta på henne. Populariteten voks heller enn å avta. Hippiane på 70-talet dyrka Tolkien som ein guru, og interessa for skaparverket fekk eit nytt oppsving då filmskaparen Peter Jackson laga ein filmtrilogi av Ringenes Herre i 2001–2003.

Ein heil sjanger, fantasy, er vaksen opp inspirert av Tolkien sitt Midgard og kampen mellom det gode og det vonde. Medan dei fleste litteraturkritikarar ikkje kan finna noko særleg av verdi i bøkene hans, har Tolkien fått tittelen «hundreårets forfattar» i fleire lesarkåringar.

Biografi endre

John Ronald vart fødd i Bloemfontein i Oranjefristaten (i dag ein del av Sør-Afrika), men tre år gammal flytta han med mora og broren til England. Før faren kunne fara etter dei døydde han, og Tolkien voks dermed opp farlaus. Mesteparten av barndommen budde han i og nær Birmingham i England, mellom anna i landsbyen Sarehole. Han gjekk på King Edward's School, St. Phillip's Grammar School og vann eit stipend til Exeter College i Oxford der han tok til å studere i 1911.

Til protestar frå resten av familien og svigerfamilien konverterte mora Mabel Tolkien til katolisismen. I 1904, då John Ronald var tolv år gammal, døydde ho av diabetes. Tolkien meinte mora sin sjukdom og død dels kom av dei problema ho fekk med familien og omgivnadene som følgje av at ho konverterte, og han såg ho mesta som ein martyr for katolisismen, noko som kom til å få stor innverknad på hans eiga religiøse tru. Trua var ein viktig faktor i livet hans, og vart ein av berebjelkane i forholdet hans til C. S. Lewis (forfattar av bl.a. Narnia-serien). Samtalar med Tolkien var ein av dei utløysande faktorane som gjorde at Lewis etter ein periode med religiøs tvil sa seg å vera ein kristen.

Som foreldrelaus vart Tolkien oppfostra av dader Francis Morgan ved Birmingham Oratory. Han budde ein periode på eit slags pensjonat i Birmingham der han møtte og vart forelska i Edith Bratt (som seinare vart modell for Lúthien, ei alveprinsesse i Silmarillion). Forholdet mellom John Ronald og Edith vart hindra av at Tolkien si verje, fader Francis, forbaud at dei møttest. Etter at Tolkien vart myndig, tok han opp att kontakten, og dei vart gifte i 1916.

Under første verdskrigen slutta Tolkien seg til den britiske hæren etter å ha avslutta universitetsutdanninga si med eksamen med beste karakter i engelsk språk og litteratur. Han var i Lancashire Fusiliers, den mest dekorerte britiske eininga under krigen. Under krigen opplevde han dei grufulle hendingane og døden i skyttargravene bl.a. i slaget ved Somme, og mista dei fleste av vennene sine frå skoledagane i Birmingham. Sjølv hamna han til slutt på militærsjukehus fordi han leid av skyttargravsfeber, noko som kanskje redda livet hans.

Mens han låg på sjukehus og prøvde å komma seg etter sjukdommen, begynte han å skrive ein syklus av mytologisk inspirerte forteljingar under samletittelen The Book of Lost Tales. Forteljingane var dels pastisjar på myter han kjende og likte (f.eks. er forteljinga om Túrin Turambar ei omarbeiding av forteljinga om Kullervo i Kalevala). Ein samnemnar eller ei ramme for syklusen skulle vera ei tilknyting til England. Mange meiner at det å skrive fantastisk litteratur var ein måte å flykte frå den harde røynda i det tjuande hundreåret, med fabrikkar, maskinpistolar og bomber.

Etter krigen fekk Tolkien ei stilling ved The Oxford English Dictionary, ei av dei høgst akta ordbøkene i verda. I 1920 fekk han ei lektorstilling i engelsk språk ved Universitetet i Leeds, men han flytta tilbake til Oxford i 1925 då han fekk eit professorat i gammalengelsk (anglosaksisk). I 1945 bytte han til eit professorat i engelsk språk ved Merton College i Oxford, ei stilling han hadde til han pensjonerte seg i 1959.

Gravert på gravsteinen på Wolvercote kyrkjegard i Oxford, der både han og kona er gravlagde, står det «Beren og Lúthien». Ei hyllest til ei av dei største kjærleiksforteljingane frå Midgard.

Etter Tolkiens død kom au verket Silmarillion ut. Dette var ei bok Tolkien sjølv ikkje hadde vorte ferdig med, ho vart fullført av son hans.

Språk endre

Filologi, studiet av språk, var Tolkien sin første akademiske kjærleik, og interessa hans for lingvistikk inspirerte han til å finne opp femten kunstige språk. Dei to mest berømte er dei to alviske språka frå Ringdrotten: quenya og sindarin. Han utvikla seinare ein heil kosmogoni og ei historie for Midgard, som bakgrunn.

Tolkien hadde taleferdigheiter i eit dusin europeiske språk, frå gammalengelsk og gælisk til fransk og spansk, i tillegg til erfaring med andre germanske språk. Personleg syntest han lydane i det finske språket var dei vakraste.

Populariteten bøkene hans oppnådde, har hatt ein liten, men stabil effekt på bruken av språk i fantastisk litteratur, spesielt i bruken av forma dwarves i staden for dwarfs og elvish i staden for elfinengelsk.

Sjå au endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: J.R.R. Tolkien