Fiolinsonate nr. 25 av Mozart
Fiolinsonate nr. 25 i F-dur, K. 377 (374d) er eit verk komponert av Wolfgang Amadeus Mozart, og den andre sonaten av dette slaget han skreiv i Wien i sommaren 1781, berre nokre veker etter at Mozart flytta til byen. Sonaten vart publisert i lag med K.376-K.380 og K. 296 (komponert i Mannheim i 1778) som «Opus 2».
K. 377 Fiolinsonate av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Kammermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1781 | ||
Publiseringsdato | 1781 | ||
Typisk lengd | 19:04 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | F-dur | ||
Instrumentering | piano, fiolin |
Det består av tre satsar:
- Allegro
- Variasjonar i D-moll (Andante)
- Tempo di Minuetto - Rondo