Firda og Sygna Herbyrge

Firda og Sygna Herbyrge var ei verksemd skipa av Firda ungdomslag, Firda maallag, Sunnfjord ungdomslag, Sogn ungdomslag og Norskt herbyrge.

L/L Norskt Herbyrge vart skipa 7. mai 1910 av dei tri lagi: Vestmannalaget, Hordalands ungdomslag og Vestlandske maallag. Dei leigde hus i Strandgata 53, paa hyrna av Muren, og der opna dei det fyrste norske herbyrge i Bergen 31/8 i 1910.

I Strandgata 53 gjekk drifti so godt, at styret totte det var liti meiningi aa slutta der, um dei flutte til Torget. No hadde dei høyrt at det var nokre norskdomslag i Sogn og Fjordane som og etla seg til aa skipa herbyrge i Bergen, og so gjorde herbyrge-styret desse lagi tilbod um aa ganga saman um drifti i Strandgata 53. Dette gjekk dei med paa, og 6. april 1912 vart det skipa L/L Firda og Sygna herbyrge. Lutmidelen var paa 10.000 kr., og med i samskipnaden: Firda ungdomslag, Firda maallag, Sunnfjord ungdomslag, Sogn ungdomslag og Norskt herbyrge. Desse lutlaga kaupte same vaaren eigedomen Strandgata 53 for 125.000 kroner.

Sumaren 1916 selde Firda og Sygna herbyrge eigedomen sin Strandgata 53 for 250,000 kr. og kaupte att Smeby hotel, Strandgata 107, 118 og 120 med fullt innbu for 280.000 kr.

Baade Norskt herbyrge, Firda og Sygna herbyrge, Kaffistova til Bondeungdomslaget og Hordaheimen er skipa soleis at luteigarane ikkje fær yver 6 % av pengane. All vinning yver dette gjeng til dei lagi som hev reist tiltaki, eller til serskilde maal-fyrelogor.

Det er C. B. Bugge som hev teke tyngste taki i alle dei lagsbruk og forretningar som Vestmannalaget hev havt med aa gjera. Bugge er no formann i lutlagi Gula Tidend, Norskt herbyrge, Firda og Sygna herbyrge og Hordaheimen.

Kjelde 1: Vestmannalaget i 50 aar (1868-1918)[1]

Hausten 1911 kom det spurnad frå C.B. Bugge om laga i Fjordane ville vera med å kjøpa Strandgata 53 i Bergen og driva matstove og herberge der saman med Norskt Herbyrge. Spurnaden blei lagt fram for eit styremøte i Sunnfjord ungdomslag i Askvoll 17/11 1911. Bugge møtte der og la fram saka. Det sto om ein kausjon frå laget på kr. 12.000,- i tillegg til lutmiddelen. Det var stor skepsis i styret til dette tiltaket, men saka enda med at Firda mållag og ein del enkeltpersonar stilte nok garantiar. På eit møte i Bergen 6. april 1912 møtte sendemenn frå dei 5 lagsstyra: Firda ungdomslag, Firda mållag, Sunnfjords ungdomslag, Sogns ungdomslag (stemnenemnda) og Norskt Herbyrge, og lutlaget blei skipa.

Drifta tok til 1. januar 1913. Fyrste driftsåret var overskotet kr. 3.000,- – og sidan auka det jamnt. Siste året var overskotet 27.000 kroner.

Då Smeby hotell blei kjøpt att starta ein Firdastova og Firdaheimen der.

«Det er ikkje so lite pengar som hev vore bytte ut millom dei fem laga aar um anna. Firda og Sygna herbyrge hev vore med og studt fleire tiltak med pengar. Dei hev teke lutar i Gula Tidend for 35.000 kroner og i Landsbanken for 100.000 kroner. Hjelpte Bladmannaskulen i Bergen med pengar. Var med og kjøpte Bondi og Sollys i Asker til lærarhøgskulen aat Høverstad. Hev sett pengar i utgjevinga av den norske Bibelen o.s.b.».

Og S. Eikenes sluttar omtalen slik i 1923: «Det ser no ut til at lutlaget misser mesteparten av desse pengane; men dei hev daa vore gjevne i god meining og hev gjort god nytte.»

Kjelde 2: I boka Sunnfjord ungdomslag 25 år (1898-1923) :

Så kom det store økonomiske krakket, og i 1923 vart verksemdene slegen konkurs og eigarane miste alle aktiva.

Kjelder endre

  1. Vestmannalaget i femti aar. xx#: Kr. Madsens bokhandel. 1918. s. 171-177.