Firedelsnote
Ein firedelsnote, på italiensk semiminima, er i musikknotasjon ein note som tilsvarar 1/4 (éin firedel) av verdet til ein heilnote. Med andre ord går det 4 firedelsnotar på den tida det tek å spele éin heilnote. Ein enkel firedelsnote er avbilda med hovud og hals (utan nokre faner festa til halsen).