Fiskarkapellet
Fiskarkapellet er eit lafta kyrkjebygg frå 1459 som står på Maihaugen i Lillehammer. Det vart opphavleg oppført på Øyra ved Gudbrandsdalslågen i Fåberg.
Fiskarkapellet | |||
Fiskerkapellet | |||
Teknikk | Lafta | ||
---|---|---|---|
Material | Tre | ||
Innvigd | 1459 | ||
• Vigd til | Maria møy og Heilag-Olav | ||
Fiskarkapellet 61°06′39″N 10°28′45″E / 61.11087°N 10.47923°E | |||
Wikimedia Commons: Fiskerkapellet |
Etter reformasjonen vart det flytt til prestegarden i Fåberg og gjorde der nytten som stabbur til det vart kjøpt av Anders Sandvig og flytt til Maihaugen i 1896. Kapellet er det einaste bevarde norske trekyrkjebygget frå mellomalderen som ikkje er bygd i stavverk.[1]
«ANNO DOMINI MCDLIX IN CRAS[TIN]O SANCTI LAMBERTI FVIT HIC CAPELLA CONSECRATA IN HONORE SANCTE MARIE VIRGINIS ET SANCTI OLAVI REGIS ET MARTIRIS PRO MANVS DOMINI GUNARI EPISCOPUS HAMARENSIS [NEC NO)N ET PER IPSUM FUNDATA ORATE PRO ANIMA ILLIVS.»
Innskrift på nordveggen i kapellet
|
Byggjeåret og at kapellet var vigd til Maria møy og Heilag-Olav veit ein frå ei latinsk innskrift som er skoren i veggen på kapellet. Innskrifta fortel også at det var Hamar-bispen Gunnar som fekk kapellet reist.
Referansar
endre- ↑ «Fiskerkapellet» på nettstaden til Maihaugen, arkivert frå originalen 17. mars 2014, henta 24. juli 2009
Bakgrunnsstoff
endre- Eldre fotografi av kapellet på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Fiskarkapellet i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren