Fiskemat

Fiskemat eller fiskmat er ei fellesnemning for fødevarer for menneske med fisk som det viktigaste råstoffet. Fisken er oppmalt og vanlegvis inneheld produktet òg mjølk og/eller fløyte, potetmjøl og salt, og er kokt eller steikt. Døme på fiskemat er fiskepudding, fiskeboller og fiskekaker.

Fabrikkframstilte fiskeboller servert med pastaskruer.

Mykje av fiskematen vert no framstilt på fabrikkar og vert selt som hermetikk, ferskvare eller djupfryst.