Mjølk er ei væske som hopattedyr lagar for dei nyfødde ungane sine. Menneske drikk morsmjølk som barn, men mange drikk seinare òg mjølk frå andre dyr, særleg kyr, men òg frå mellom anna sauer, geiter, reinsdyr, hopper og jakar.

Eit glas mjølk
Mjølking av geit i Oddadalen kring 1890.
Foto: Axel Lindahl i Norsk folkemuseum

Mjølka frå kvar art har ulik samansetjing, men har òg mange fellestrekk. Ettersom drikken skal gje styrke til små pattedyr som skal veksa, er han svært næringsrik. Mjølk inneheld særleg protein og feitt, i tillegg til laktose, vitaminane A, B og D, og mineral som kalsium og selen.

Feitt i mjølka dannar eit lag som vil flyta til topps om ho får stå. Dette laget blir gjerne skilt ut som fløyte.

Behandling endre

I dag er det vanleg å behandla mjølk på meieri før ho vert seld. Ho vert ofte separert i skummamjølk eller lettmjølk og fløyte, pasteurisert, standardisert og homogenisert. På meieria foredlar ein òg mjølk til ulike mjølkeprodukt. Tidlegare skjedde behandlinga av mjølk på gardane der ho vart laga, men no er dette ganske uvanleg.

Bruk endre

Fersk mjølk kan drikkast åleine eller i ulike drikkar, som bi- eller hovudingrediens. Dersom uhomogenisert mjølk får stå i romtemperatur, surnar ho til surmjølk, tjukkmjølk eller mjølkering, som kan drikkast eller etast.

Mjølk og ymse produkt av mjølk er òg viktige i matlaging, til dømes i graut, puddingar og kaker med krem. I milkshake og kakao er mjølk ein hovudingrediens, og mange vil dessutan ha ein liten skvett mjølk eller fløyte oppi teen eller kaffien sin. Kaffe med mykje mjølk i, på søreuropeisk vis, har i dei seinare tidene vorte populært i Nord-Europa, og er ofte seld under italienske og franske namn på kaféar av ulike slag.

Mjølkeprodukt endre

 
Iskrem med bær eller andre smakstilsettingar er eit populært mjølkeprodukt.
  • Ved å tilsetja ulike bakteriekulturar kan ein laga rømme, kvarg, jogurt og kefir.
  • Ved å rista fløyte ved å vispe eller kinne ho, får ein krem og smør.
  • Ved å få mjølka til å skilja seg ved ysting, kan ein få fram eit utal ulike ostetypar, og ved å koke ho inn, får ein brunost.

Helse endre

Det er omstridd om mjølk frå kyr er bra for menneske, sjølv om det ofte vert tilrådd å drikke mjølk. Fersk geitemjølk skal vera bra, særleg for nyfødde som ikkje kan få morsmjølk. Men mange reagerer sjukleg på laktose (laktoseintoleranse) eller mjølkeprotein (mjølkeproteinallergi). Særleg gjeld dette folk frå land der det ikkje er vanleg å drikke mjølk i oppveksten, og som kan reagere med sjukdom eller på anna vis når dei kjem til land der mjølk vert nytta som næringsmiddel i stort mon. Mjølkeliknande produkt som kan nyttast som alternativ til mjølk frå dyr blir laga av mellom anna ris, soya, mandel og havre.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mjølk