Fiskereiskapen gilje

Ei gilje er ein fiskereiskap som truleg har røter tilbake til steinalderen. Giljene vart brukt til laksefiske og var vanleg på Vestlandet i Noreg.

Laksegilje. Foto frå samlinga til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Utsjånad endre

Ei gilje er eit stillas bygd i strandsona. På denne festa ein ei not, kalla giljenot ellet sitjenot, som fungerte som ein stor håv. Nota vart senka slik at den låg flatt under vatn, men hadde eit hjørne over vatn. Giljene vart bygd på stader der fisken vandra. Oppe i stillaset var det plass til to fiskarar på vakt.

Metode endre

Fisket med gilje er best i tussmørke. Dei to vaktmennene i stillaset sat oppe på toppen av gilja og stirde ned i sjøen. Når laksen kom, drog dei i to tau, og laksen vart fanga. Så måtte dei ro ut til nota og få laksen om bord før dei tok ein ny runde i gilja.

Historie endre

Denne fiskemetoden har trulig røter tilbake til steinalderen, og var utbredt på Vestlandet før i tida. Laksefiske med gilje og not var nesten einerådande fram til midt på 1800-talet. Men mot slutten av 1800-talet kom ein ny reiskap, kilenota. Kilenota var sjølvfiskande i motsetnad til fiske med gilje. I dag er dei fleste giljene kulturminne som ikkje er i bruk.

Kjelder endre