Fiskernes Venstre
Fiskernes Venstre var eit politisk parti som stilte til val i landkrinsane i Vest-Agder ved stortingsvalet 1936. Partiet fekk 0,9 % av røystene der, og vart dermed ikkje representert på Stortinget. Førstekandidaten var Andreas Samuelsen frå Flekkerøy.