Fjærangen
Fjærangen er ein fjordarm av Foldafjorden i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 4,5 km søraustover til Fjærangsetran i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Bremneset i nordaust og Sminesneset i sørvest. Ved Smineset kryssar riksveg 769 fjorden over Gardsøya og Hestøya, som ligg ved inngangen til fjorden. Vegen går nordaustover til Lund som ligg like nord for fjorden.
Fjorden har to delar. Ein del går austover til Breivika, medan den andre går søraustover til Fjærangsetran som Sørfjorden. 64°45′6.7536″N 11°34′36.635″E / 64.751876000°N 11.57684306°E