Trøndelag fylke

fylke og landsdel i Noreg
«Trøndelag» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Trøndelag (fleirtyding).

Trøndelag (sørsamisk: Trööndelage) er eit fylke sentralt i Noreg. Det vart oppretta 1. januar 2018 som ei samanslutning av fylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, som vedtok å slå seg saman i april 2016. Fylket grensar til Nordland i nord, til Møre og Romsdal i sørvest og til Innlandet i sør. I aust grensar fylket til Jämtlands län i Sverige. Folk frå Trøndelag blir kalla trønderar.

Trøndelag fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Steinkjer
Areal 41 271 km²
 •  land 38 790 km²
 •  vatn 2 481 km²
Folketal 486 815  (1. januar 2025)
Folketettleik 13 / km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Frank Jenssen
Fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap)
Fylkesnummer 50
Kart
Trøndelag fylke
63°25′37″N 10°23′35″E / 63.426944444444°N 10.393055555556°E / 63.426944444444; 10.393055555556
Wikimedia Commons: Trøndelag
Nettstad: www.trondelagfylke.no

Både fylkeskommunen og statsforvaltaren har hovudsete på Steinkjer og avdeling i Trondheim. Fylkeskommunen har administrativ leiing med rådmannsfunksjon lagt til Steinkjer og ordførarfunksjonen er lagt til Trondheim.

Fylkesvåpenet til Trøndelag er ein utbøygd gull kross på sølv grunn. Det har tidlegare vore våpenet til Nord-Trøndelag fylke, frå 1957 til 2018.

Historie

endre

Namnet Trøndelag kjem av norrønt Þrǿndalǫg, der fyrste ledd er av folkenamnet þrǿnd(i)r som høyrer saman med fyrste ledd i Trondheim; siste ledd av lag, 'lov', som er brukt om ein landsdel med felles lov. Folk frå Trøndelag er kalla trønderar, og dei har ein sterk identitet som mellom anna er særmerkt ved det trønderske målføret, som òg finst i området Nordmøre i Møre og Romsdal fylke.

Trøndelag var i eldre tider, truleg frå før år 700, nemninga på lovområdet som femnde bygdene kringom Trondheimsfjorden, der Namdalen og Fosen ikkje høyrde med. Området vart delt i Uttrøndelag med fylka Orkdǿlafylki, Gauldǿlafylki, Strindafylki og Stjórdǿlafylki, og Inntrøndelag med fylka Skeynafylki, Verdǿlafylki, Sparbyggjafylki og Eynafylki. Nemningane Uttrøndelag og Inntrøndelag har tidlegare vore brukt i enkelte administrative samanhengar, til dømes i den rettslege inndelinga i politidistrikt, men er i dag ikkje lenger i bruk i slik samanheng.

Landskap og geologi

endre

Dei søraustlege delane av Trøndelag utgjer Trondheimsfeltet, som vil seie traktene omkring Trondheimsfjorden sørover til den nordlege delen av Gudbrandsdalen.

Landskapet i Trøndelag består av skog og vassdrag. Elvane Orkla, Gaula, Stjørdalselva og Verdalselva fell raskt ned mot låglandet der dei har slake, meandrerande elveløp før dei munnar ut i Trondheimsfjorden. Berggrunnen i Trøndelag består av kambrosilurske bergartar som er sterkt omdanna ved den kaledonske fjellkjedefoldinga. Det vart danna fleire skyvedekke som kan karakteriserast ved to geologiske typeområde; Størendekket i vest og Meråkerdekket i aust. Desse to skyvedekka består av tilsvarande lagpakker men høyrer til to ulike dekke. Dei er fråskilde av eit sterkt metamorft antiklinal av sandsteinar, skifrar og grønsteinar som høyrer til Guladekket.

Gruvedrift har tidlegare vore ei viktig næring i fylket og det fanst gruvedrift mellom anna på Løkken Verk, Rørosgruvene og Folldalgruvene.

Klima

endre
 
Trondheim
 
Steinkjer

Sør-Trøndelag

endre

Det er store klimatiske skilnadar innan Sør-Trøndelag, frå det typisk maritime i nordvest til det mest kontinentale i Sør-Noreg i søraust. Høge fjell skjermar mot aust og sør og mykje av fylket ligg ope til mot nordvest, som er den typiske vindretninga for dårleg vêr.

Dei vanlegaste vindretningane om vinteren er frå aust til sør. Den Ytre Trondheimsfjorden dannar ein utfallsport for kald luft frå landet innanfor. Kyststrøka har vind over liten kuling 10-20 % av tida og liten storm 0,5–1,0 %. Om sommaren bles vinden ved bakken som oftast frå nordvest–nordaust, gjerne kalla «havgule».

Middeltemperaturen for januar er omkring 0 °C ved kysten, frå –2 til –5 °C over låglandet og ned i kring –10 °C i indre dalstrøk i aust. Den lågaste målte minimumstemperaturen er frå –15 til –20 °C ved kysten, frå –25 til –35 °C i indre strøk og lågare enn –40 °C i dalstrøk lengst aust. Røros har kulderekord for Sør-Noreg med –50 °C. Dei varmaste månadane er juli eller august og middeltemperaturen er kring 14 °C i kystområda, og kring 10–15 °C i indre område. Det er målt 25 °C sjølv ytst på kysten, 30–35 °C i indre fjord- og dalstrøk.

Årsnedbøren varierer frå kring 1200 mm ved kysten, til 1500–2000 mm i ei maksimalsone inn mot kystnære fjell, og elles stort sett 800–1000 mm, bortsett frå enkelte minimumsområde i aust og sør. Det kjem mest nedbør om hausten og vinteren. Berre enkelte innlandsstrøk får mest nedbør om sommaren.

Det er noko sommartåke ved kysten, medan innlandet har lokal strålingståke om hausten, og det er noko frostrøyk over Trondheimsfjorden om vinteren. Tåke-årsmiddel er stort sett under 1 %.

Nord-Trøndelag

endre

Dei indre strøka av Nord-Trøndelag er skjerma av fjell i sektoren sørvest til aust, og delvis òg i nord. Særleg har dalstrøka nær svenskegrensa eit typisk innlandsklima med moderat nedbør og kalde vintrar.

Ytre Namdalen og Vikna er derimot sterkt påverka av Norskehavet. Den kalde vinterlufta frå innlandet blir drenert ut Namdalen, noko som medverkar til at det ofte blir sterk vind, mellom anna over Folda. Det er liten kuling eller meir rundt 20 % av året og liten storm 1 % av tida.

Fosenhalvøya skjermar dei lågare strøka lenger aust mot påverknaden frå Norskehavet, medan Trondheimsfjorden dempar både vinterkulda og sommarevarmen. Høgdevinden over området er oftast frå sørvest, men om vinteren vil bakkevinden ofte blåse frå aust til søraust. Om sommaren er det gjerne sjøvind (havgule) frå ein retning mellom vest og nordaust.

Februar er den kaldaste månaden ved kysten med ein middeltemperatur like over 0 °C, omkring Trondheimsfjorden er det januar som er kaldast med middel frå –2 til –5 °C. I indre strøk går middeltemperaturen til dels ned mot –10 °C, medan dei lågaste minimumstemperaturane som er observert, er frå –35 til –40 °C. Middeltemperaturen om sommaren er stort sett frå 13 til 15 °C, men går under 10 °C i fjellstrøk over ca. 750 m. I samband med luft ført inn frå søraust kan maksimumstemperaturen i låglandet stige over 30 °C. nedbør

Årsnedbøren varierer frå 750-1000 mm ved kysten i nordvest til 1500-2000 mm i kystnære fjellstrøk. Indre, skjerma område får 500-750 mm. Det kjem mest nedbør på hausten og tidleg på vinteren, men stader i innlandet har ofte mest nedbør om sommaren.

Det er noko tåke ved kysten om sommaren, medan det nær Trondheimsfjorden kan opptre lokal strålingståke eller frostrøyk om hausten og tidleg på vinteren. Det er langt mindre tåke her enn i Søraust-Noreg.

Næringsliv

endre

Historisk viktige næringsvegar i Trøndelag har vore jordbruk, skogbruk, bergverk og fiskeri. Trøndelag har ein stor vass- og vindkraftproduksjon som understøttar kraftkrevjande treforedlings- og smelteverksindustri. Havbruket står for halvparten av eksportverdien i Trøndelag. Olje- og gassutvinning utanfor Trøndelagskysten er også vesentleg. Mykje av verkstadindustrien og rederinæringa i Trøndelag er retta mot havbruk og offshore. Trondheim er eit sentrum for høgare utdanning og forsking, og husar den største lærestaden på Noregs største universitet, NTNU, og forskingsstiftelsen SINTEF. Dei har avfødd ei mengd teknologibedrifter. Handel og offentleg og privat tjenesteyting er også viktige for sysselsettinga.

Samferdsel

endre
 
Trondheim lufthamn, Værnes

Europaveg 6 (E6) og jernbanen dannar ei hovudåre for samferdselen i Trøndelag. Rørosbanen og Dovrebanen møtest på Støren, og går vidare nordover gjennom Gauldalen til Trondheim. Frå Trondheim startar Nordlandsbanen, som går gjennom austsida av Trondheimsfjorden, langsmed Snåsavatnet og nordover gjennom Namdalen til Nordland.

Trondheim lufthamn, Værnes, den største flyplassen i fylket, ligg i Stjørdal. Flyplassen er den tredje mest trafikkerte i Noreg målt i tal på passasjerar. Det finst også småflyplassar ved Namsos, Rørvik og Røros og ein militær flyplass på Ørlandet med sivile ruteanløp.

Trondheim og Rørvik er stoppestader for Hurtigruta Bergen–Kirkenes. Det er hurtigbåtsamband frå Trondheim til fleire stader langs kysten, i tillegg til Hitra, Frøya og småøyane lenger nord.

Kultur og attraksjonar

endre
 
Nidarosdomen i vintersol.

Trondheim er eit viktig reisemål, med mellom anna Nidarosdomen, Kristiansten festning, Munkholmen og Sverresborg. Stiklestad i Verdal kommune er også ein populær attraksjon med nasjonal verdi. Her blir det historiske Spelet om Heilag Olav arrangert i juli kvart år. Røros søraust i fylket har verdsarvstatus på grunn av det særprega bygningsmiljøet og bergverkshistoria til staden.

Det blir årleg arrangert fleire festivalar i fylket, der Olavsfestdagene i Trondheim og Norsk revyfestivalHøylandet er mellom dei mest populære.

Naturen er også ein viktig attraksjon i Trøndelag, særleg i nord der fiske- og bygdeturisme er viktige næringar. Dei mest populære fjellområda i fylket er Trollheimen, Sylan og Dovrefjell. Oppdal skisenter i Oppdal er den mest populære vintersportsstaden i fylket.

Kommunar

endre

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025. Trøndelag fylke har 38 kommunar. Fylkesnummeret til Trøndelag fylke er 50.

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd (km²) Målform[1] Valdistrikt
5001   Trondheim Trondheim 000000000216518.0000000000216 518 000000000000529.0000000000529 nøytral Sør-Trøndelag
5006   Steinkjer Steinkjer 000000000024064.000000000024 064 000000000002122.00000000002 122 Nord-Trøndelag
5007   Namsos Namsos 000000000015154.000000000015 154 000000000002133.00000000002 133
5014   Frøya Sistranda 000000000005655.00000000005 655 000000000000241.0000000000241 bokmål Sør-Trøndelag
5020   Osen Steinsdalen 000000000000891.0000000000891 000000000000387.0000000000387
5021   Oppdal Oppdal 000000000007408.00000000007 408 000000000002274.00000000002 274 nøytral
5022   Rennebu Berkåk 000000000002513.00000000002 513 000000000000948.0000000000948
5025   Røros Røros 000000000005681.00000000005 681 000000000001956.00000000001 956
5026   Holtålen Ålen 000000000002048.00000000002 048 000000000001210.00000000001 210
5027   Midtre Gauldal Støren 000000000006141.00000000006 141 000000000001861.00000000001 861 bokmål
5028   Melhus Melhus 000000000017812.000000000017 812 000000000000695.0000000000695 nøytral
5029   Skaun Børsa 000000000008521.00000000008 521 000000000000224.0000000000224
5031   Malvik Hommelvik 000000000015023.000000000015 023 000000000000169.0000000000169 bokmål
5032   Selbu Mebond 000000000004233.00000000004 233 000000000001235.00000000001 235 nøytral
5033   Tydal Tydal 000000000000786.0000000000786 000000000001329.00000000001 329 bokmål
5034   Meråker Midtbygda 000000000002472.00000000002 472 000000000001274.00000000001 274 Nord-Trøndelag
5035   Stjørdal Stjørdalshalsen 000000000024927.000000000024 927 000000000000938.0000000000938 nøytral
5036   Frosta Frosta 000000000002661.00000000002 661 000000000000076.000000000076
5037   Levanger Levanger 000000000020732.000000000020 732 000000000000645.0000000000645
5038   Verdal Verdalsøra 000000000015412.000000000015 412 000000000001548.00000000001 548
5041   Snåsa Snåsa 000000000002138.00000000002 138 000000000002343.00000000002 343
5042   Lierne Nordli 000000000001316.00000000001 316 000000000002962.00000000002 962
5043   Røyrvik Røyrvik 000000000000443.0000000000443 000000000001585.00000000001 585
5044   Namsskogan Namsskogan 000000000000811.0000000000811 000000000001417.00000000001 417
5045   Grong Grong 000000000002314.00000000002 314 000000000001136.00000000001 136
5046   Høylandet Høylandet 000000000001235.00000000001 235 000000000000754.0000000000754
5047   Overhalla Ranemsletta 000000000003946.00000000003 946 000000000000730.0000000000730
5049   Flatanger Lauvsnes 000000000001121.00000000001 121 000000000000459.0000000000459
5052   Leka Leknes 000000000000593.0000000000593 000000000000109.0000000000109
5053   Inderøy Straumen 000000000007031.00000000007 031 000000000000740.0000000000740
5054   Indre Fosen Årnset 000000000010042.000000000010 042 000000000001052.00000000001 052 Sør-Trøndelag
5055   Heim Brekstad 000000000006134.00000000006 134 000000000001025.00000000001 025
5056   Hitra Fillan 000000000005414.00000000005 414 000000000000756.0000000000756
5057   Ørland Brekstad 000000000010627.000000000010 627 000000000000457.0000000000457 bokmål
5058   Åfjord Årnes 000000000004342.00000000004 342 000000000001330.00000000001 330 nøytral
5059   Orkland Orkanger 000000000018798.000000000018 798 000000000001906.00000000001 906
5060   Nærøysund Kolvereid 000000000009921.00000000009 921 000000000001346.00000000001 346 Nord-Trøndelag
5061   Rindal Rindal 000000000001937.00000000001 937 000000000000632.0000000000632 Sør-Trøndelag
50   Trøndelag Steinkjer 000000000486815.0000000000486 815 000000000041271.000000000041 271 nøytral Sør-Trøndelag
Nord-Trøndelag

Kjelder

endre
  1. «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta)». Lovdata. 20. desember 2019. Henta 4. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Trøndelag fylke