Fjelberg prestegard

prestegard i Kvinnherad

59°44′17″N 5°42′26″E / 59.738152°N 5.707124°E / 59.738152; 5.707124

Foto: Karin Axelsen / Riksantikvaren

Fjelberg prestegard i Kvinnherad kommune ligg like inntil Fjelberg kyrkje, på nordsida.

Kyrkja og garden har røter attende til mellomalderen. Garden er fyrste gong omtala i 1561. Bygningane er frå tidleg 1700-tal eller seinare. Ti bygningar er freda. Av desse står seks rundt tunet: hovudbygning, bispestove, stabbur, bakeri, vedskjul og utedo. Det finst òg m.a. ein driftsbygning og eit par naust.

Den tidlegare prestegarden drivast av ei stifting og vert nytta til møte, seminar, overnatting o.a.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fjelberg prestegard