Fjernskrivar er ein elektromekanisk maskin som vart brukt til overføring av tekst over radio eller telelinje. I den vestlege verda mista han aktualitet med innføringa av Internett.

Fjernskrivar (Siemens T100)

Telegrafen vart etter kvart avløyst av teleks. Teleksnett vart første gong etablert i Tyskland i 1933 og fekk fotfeste av tyding i Noreg først etter andre verdskrigen. Kvart abonnement hadde ein fjernskriver og kunne kommunisera med andre teleksbrukarar. Mottakaren trong ikkje å vera til stades for å motta meldinga.

Det første sivile telekssambandet mellom Oslo og utlandet vart opna i 1946. Allereie under krigen hadde Wehrmacht og dei sivile tyske styresmaktene eit teleksnett som dekte landet. Telegrafverket sørgde òg for samband til skip i utenriksfart, både med telegraf, telefon og teleks.

I 1988 var det cirka 10 000 teleksabonnentar, medan globalt var cirka 1 500 000 brukarar i over 200 land. Internett har overteke funksjonen til teleks og Telenor la ned teleksnettet 1. juli 2000.[treng kjelde]

Fono-teleks var ei vidareutvikling av teleksen der ein kunne skriva meldingane ved hjelp av ein ordinær telefon til ein sentral og dermed vidare til teleksnettet og fram til mottakaren. Det er enno høve for samtrafikk mellom e-post og teleks til eller frå land som enno nyttar teleks.

Kjelder endre