Fjernstyrt undervassfartøy
Fjernstyrt undervannsfartøy (ofte kalla ROV, eit akronym etter den engelske nemninga remotely operated vehicle) er ein robot som blir manøvrert med fjernstyring frå eit kontrollrom på skip eller oljeplattformer. Fartøya vert brukt til mange ulike oppgåver på havdjupet, som detaljert kartlegging av havbotn, inspeksjon, vedlikehald og reparasjon av havbotnsinstallasjonar m.m. Dei kan brukast i staden for dykkarar til ulike gjeremål under vatn, særleg på store djupner.[1]
Hovudtypar av fjernstyrte undervassfartøy er kartleggings-, observasjons- og arbeidsfartøy. Det er også utvikla ei rekkje spesialfartøy.
Observasjonsfartøy
endreObservasjonsfartøy er som oftast ein forholdsvis lite fartøy med varierande utforming, den vert driven av fem eller fleire elektriske posisjonspropellar, er utstyrt med eitt video kamera som sender levande bilete til overflata og nokon gonger utstyrt med eitt stillbiletekamera, i enkelte høve har den også ein eller fleire manipulatorar. Observasjonsfartøyet blir nytta til små visuelle kartleggings- og inspeksjonsjobbar og som støtte for arbeidsfartøy og ved dykkeoperasjonar.
Arbeidsfartøy
endreArbeidsfartøy er noko større enn observasjonsfartøya, i likskap med observasjonsfartøya er dei elektrisk drivne, men som oftast med eitt hydraulikkaggregat som driv posisjonspropellane, hydraulikkaggregatet driv også ei mengd valfrie ekstrautstyr som høgtrykksspylar, momenttrekkeverktøy, kappeverktøy, roterande kosteverktøy m.m. Dei fleste arbeidsfartøya har også ein eller fleire hydrauliske manipulatorar (armar). Alt ekstrautstyret kan demonterast og monterast raskt og fartøyet kan etter tilhøva raskt skreddarsyast til kvart enkelt arbeidsoppdrag.
Kartleggingsfarkostar
endreEit kartleggingsfartøy (surveyfartøy) er i hovudsak bygd opp på same måte som arbeidsfartøya, men har kartleggingsutstyr som meir eller mindre er montert permanent på fartøyet. Kartleggingsutstyret er akustisk utstyr som kartlegg havbotn og grunnforholda. Surveyfartøya har også fleire videokamera. Det finst også ei rekkje ekstrautstyr og verktøy for forskjellige arbeidsoppgåver, som sporing av røyr og kablar under havbotn, sporing av radioaktive isotopar m.m.
Produsentar
endreKjelder
endre- ↑ «fjernstyrt undervannsfartøy». Store norske leksikon (på norsk). 21. januar 2023.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |