Kongsberg Maritime
Kongsberg Maritime er eit teknologiføretak i Kongsberg Gruppen. Føretaket leverer system for dynamisk posisjonering, overvaking, navigasjon og automasjonsutstyr til handelsflåten, utaskjers installasjonar, satellittnavigasjon og hydroakustikk. Dei viktigaste marknadane er i land med stor utaskjers verksemd og verksindustri.
Kongsberg Maritime | |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 979750730 | ||
Skipa | 6. februar 1998 | ||
Eigar | Kongsberg Gruppen | ||
Morselskap | Kongsberg Gruppen | ||
Hovudkontor | Kongsberg i Noreg | ||
Land | Noreg | ||
Adm.dir. | Egil Haugsdal | ||
Tilsette | 4 151 (Q4 2016)[1] | ||
Salsinntekter | 594 000 000 norsk krone (2018) | ||
Omsetnad | 594 000 000 norsk krone (2018) | ||
Nettstad | http://www.km.kongsberg.com |
Historie
endreHistoria til Kongsberg Maritime går attende til grunnleggaren av Autronica i 1957 og det fyrste alarmsystem som vart levert i 1959. Føretaket har utspring i samanslåinga av dei tidlegare føretaka Kongsberg Simrad (tidl. Simrad Albatross), Kongsberg Maritime Ship Systems og Simrad. Kongsberg Maritime har opp gjennom åra kjøpt opp mange velrenomerte maritime og utaskjersorienterte føretak og inkluderer i dag tidlegare føretak som:
Produkt
endreKongsberg Maritime leverer teknologi og utstyr til fartøysposisjonering, overvaking og automatisering til handelsflåtar og utaskjers installasjoner. Dei mest kjente produkta er dynamisk posisjoneringssystem for maritime fartøy, der føretaket er verdsleiande, men KM er òg kjent for andre produkt:
- Dynamisk posisjonering- og navigasjonsystem
- Hydroakustikk, undervassfarkostar og system
- Skipsautomasjon
- Rørslesensorar, GPS, AIS og posisjonsreferensesystem
- Marinesystem
- Prosessautomasjonsutstyr
- Prosessimulatorar
- Følerar for trykk og temperatur
- Skipssimulatorar
- Tankmålarar
- Undervasskamerasystem