Fjodor Mikhailovitsj Terentjev (4. oktober 192520. januar 1963) var ein sovjetisk langrennar frå ein landsby i Karelia. Han vann ein gullmedalje med Sovjetunionen i 4 x 10 km stafett, samt ein bronsemedalje på 50 km under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo.

Fjodor Terentjev
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 4. oktober 1925
Padany
Død

20. januar 1963 (37 år)
St. Petersburg

Yrke skiløper, langrennsløpar

Terentjev deltok på Sovjetunionen sine sølvlag i stafett både under Ski-VM 1954 og 1958. Under verdsmeisterskapen i Falun 1954 vart han elles nummer fire på 15 km og seks på 50 km. I dei olympiske vinterleikane i 1956 gjekk han fyrste etappen for Sovjetunionen sitt gullag i 4 x 10 km stafett; Pavel Koltsjin, Nikolaj Anikin og Vladimir Kuzin gjekk dei seinare etappane. Terentjev vann i tillegg bronsemedaljen på OL-femmila og vart nummer seks på 30 km.

Under Ski-VM 1958 i Lahti kom Terentjev på sjetteplass på 15 km, og gjekk på ny den fyrste stafettetappen då Sovjetunionen vart nummer to etter Sverige.

Kjelder endre