Fjordabladet
Fjordabladet er ei avis som vert utgjeven i Eid i Nordfjord i Vestland fylke. Lokalavisa er partipolitisk uavhengig og rettar seg mot lesarar i midtre Nordfjord.
Fjordabladet | |||
Type | Dagsavis (tre dagar i veka) | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid | ||
Oppretta | 1873 | ||
Første trykk | 1874 | ||
Målform | Nynorsk | ||
Lokalavis for | Midtre Nordfjord | ||
Eigarskap | Fjordtrykk AS (100%) | ||
Opplag | 2 579 (2014) | ||
Redaksjonskontor | Rådhusvegen 6 | ||
Postnummer | 6770 | ||
Stad | Nordfjordeid | ||
Ansvarleg redaktør | Tormod Flatebø (2006) | ||
Nettstad | Fjordabladet.no |
Fjordabladet er ikkje berre den eldste av dei åtte avisene i fylket, avisa er også den nest eldste i fylket si 133-årige pressesoge. Avisa på Eid blei skipa som Fjordenes Blad i august 1874. I 1911 blei Fjordenes Blad den første i fylket til å introdusera den tredje avisdagen. Ni år seinare tok avisa namnet Fjordabladet, samstundes lufta avisa ut riksmålet, heretter var det nynorsk som var avismålet. Det same skjedde i fleire av fylkets aviser på denne tida. Fjordabladet er klemt mellom to andre nordfjordaviser, Fjordenes Tidende i Måløy og Fjordingen i Stryn. Denne posisjonen har medført at avisa har hatt ei flat opplagsutvikling i åra etter krigen.
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 2 908 |
2001 | 2 848 |
2002 | 2 840 |
2003 | 2 840 |
2004 | 2 824 |
2005 | 2 821 |
2006 | 2 822 |
2007 | 2 729 |
2008 | 2 800 |
2009 | 2 797 |
2010 | 2 796 |
2014 | 2 579 |
Bakgrunnsstoff
endreReferansar
endre- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.