Nynorsk

eit av to offisielle skriftspråk i det norske språket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Nynorsk».

Nynorsk, før 1929 offisielt kalla landsmål, er sidan jamstillingsvedtaket av 12. mai 1885 ei av dei to offisielle målformene av norsk; den andre forma er bokmål. Nynorsk vert i dag nytta av om lag 10–15% av innbyggjarane i Noreg.[1][2] Skriftspråket er basert på nynorsk talemål, det vil seie dei moderne norske dialektane til skilnad frå gamalnorsk og mellomnorsk. Når ein seier at nokon snakkar nynorsk, meiner ein helst at dei snakkar nynorsk normaltalemål. Dei færraste dialekttalande nordmenn seier at dei snakkar nynorsk, men det er ikkje uvanleg i kjerneområda til nynorsken. Dette tilhøvet mellom tale og skrift ligg bak målrørsla sitt slagord sidan 1970-talet: «Snakk dialekt – skriv nynorsk!» Nynorske dialektar vart snakka over heile landet, men det er berre på Vestlandet utanom dei største byene og i dei austlandske fjellbygdene at skriftspråket står sterkt. Det vil seie at dei fleste dialekttalarane har bokmål som det primære skriftspråket sitt.

Ivar Aasen er opphavsmannen til landsmålet, som med tida har utvikla seg til nynorsken av i dag.

Ein iaugefallande skilnad mellom nynorsk standardspråk og nynorske dialektar er at standardspråket tradisjonelt er prega av purisme i ordtilfanget med avgrensing mot ord av dansk og lågtysk opphav, sjølv om desse orda kan vere utbreidde i dialektane. Skriftspråket har derfor helst brukt ord som kan førast attende til gammalnorsk der slike har funnest i levande talemål. Formelt er purismen no stort sett avskaffa, men mange tradisjonelle nynorskord er godt innarbeidde og pregar det moderne skriftspråket.

Nynorsk normaltalemål er lite utbreidd utanfor situasjonar der ein er bunden av manus, som nyheitsopplesarar og skodespelarar. Det gjer at born kjenner det nynorske standardspråket dårlegare enn bokmål før dei lærer å lese, nynorsk vil derfor i større grad enn bokmål lærast på skulen. Dominansen til bokmålet gjer òg at dei som primært skriv nynorsk, både les og skriv meir bokmål enn bokmålsbrukarar les og skriv nynorsk. Dei nasjonale media, inkludert TV, radio, aviser, teikneseriar og bøker, er dei same over heile landet, så det er fyrst og fremst gjennom regionale TV- og radiosendingar, region- og lokalaviser, skule, yrkesliv (avhengig av yrke) og privat kommunikasjon at nynorsken står sterkare i nynorskområda enn i resten av landet.

Sidan det nynorske standardspråket er mindre utbreidd enn bokmål i skrift og tale, er nynorsk markert medan bokmål er umarkert. Det vil seie at nynorskbrukarar oftare må forklare og forsvare sitt språkval. Det har nynorsk sams med mange minoritetsspråk, og det kan forklare kvifor negative haldningar til nynorsk er utbreidde.[3]

Historie endre

Frå gammalnorsk til nynorsk endre

I perioden frå svartedauden til reformasjonen i 1536 gjekk norsk språk gjennom ein periode med store endringar og forenklingar. Ei viktig drivkraft i språkendringane i perioden var kontakten med hanseatiske handelsmenn, det vil seie nordtyskarar, og deira nedertyske språk. Ikkje minst gjeld det ordtilfanget, som i stor grad vart bytta ut. Skandinavar og nordtyskarar kunne såleis lettare forstå kvarandre, men med det resultatet at avstanden til dei øynordiske språka islandsk og færøysk voks, og det nordiske språkområdet vart delt.[4]

Mens det gammalnorske språket var relativt einskapleg med små dialektskilnader, var og er avstanden mellom dialektane i nynorsk mykje større. Utviklinga av dialektane hadde likevel gått mykje i parallell, for eksempel er kasussystemet sterkt svekka i alle dialektane, sjølv om nokre har bevart skiljet mellom nominativ og dativ.

Ivar Aasen og landsmålet endre

Den fyrste systematiske granskinga av det nynorske språket gjorde Ivar Aasen, grunnleggjaren av norsk språkvitskap. På 1840-talet reiste han rundt i landet og studerte dialektane. I 1848 publiserte han Det norske Folkesprogs Grammatik og i 1850 kom Ordbog over det norske Folkesprog. Den fyrste skissa av ein normal kom i 1853 med Prøver af Landsmaalet i Norge. Aasen fullførte landsmålsnormalen med publiseringa av Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog i 1873.

Aasens arbeid byggjer på at dialektane hadde ein sams struktur som gjorde dei til eitt språk og skilde dei frå dansk og svensk. Det sentrale for Aasen var derfor å finne fram til og vise det strukturelle samsvaret mellom dialektane. Alt målarbeidet til Aasen var tufta på dette synet, og det er klart og prinsipielt formulert i dei fyrste linene i innleiinga til Norsk Grammatik:

«Det Tungemaal, som tilhører den norske Almue, har meget tilfælles med det svenske og dernæst ogsaa med det danske, men adskiller sig fra dem begge ved et Forraad af særegne Ord og Former, og har i det Hele saa meget eiendommeligt i Formen, at det ikke kan falde sammen med noget af disse Nabosprog, men maa nødvendig tænkes opstillet ved Siden af dem som en selvstændig Sprogform. I selve Grundlaget falder det nærmere sammen med den islandske Sprogform, som egentlig ogsaa er udgaaen fra Norge; men alligevel har dog den norske Form udviklet sig anderledes end den islandske, saa at ogsaa disse nu ere noget ulige.»[5]

Den språkvitskaplege følgja av teorien var at Aasen såg det som si oppgåve å abstrahere einskapen i eit føreliggjande mangfald av dialektar. Då trong han eit grunnleggjande kriterium i vurderinga av dei mange ulike formene, og dette fann han i omgrepet «den fuldkomneste Form», som vart eit av dei mest sentrale omgrepa i språkteorien hans. I 1846 definerte han omgrepet slik: «Som fuldkomneste Form ansees den, der stemmer mest overeens med de beslægtede Ord, med andre Ord af samme Slags, og med Formerne i det gamle Sprog. Saaledes er f. Ex djup fuldkomnere end jup, Morgon fuldkomnere end Morgaa, Moron og Maaro, etla fuldkomnere end esle og elsje[6] Ingen einskild dialekt hadde alle dei fullkomne formene: «Overalt tjener den ene Dialekt til at oplyse den anden; den fuldkomneste Form findes snart i Agershuus, snart i Bergens, snart i Kristiansands Stift».[6]

Gjennom ei slik systematisk samanlikning kunne ein kome fram til eit samlande uttrykk for alle norske dialektar, det Aasen sjølv kalla grunndialekten og som Einar Haugen har kala protonorsk. Ut frå oppfatninga om eit protonorsk rangerte så Aasen dialektane som meir eller mindre «ægte». Det var fleire motpolar til omgrepa «norsk», «fullkommen» og «ægte», men dei to vanlegaste var «Bysprog» og «uægte». Ut frå denne rangeringa kom dialektane i Hardanger, Voss og Sogn øvst saman med nokre midlandske, som hallingmålet. Dialektane på det sentrale Austlandet og særleg bydialektane enda i andre enden av skalaen som dei mest «uægte».[7]

Tanken om at granskinga skulle ende opp i eit nytt skriftspråk, prega arbeidet hans frå fyrste stund. Ein grunntanke for Aasen var at det skriftlege normalmålet – grunndialekten – skulle vere nynorsk, ikkje gammalnorsk. Han tok derfor ikkje med grammatiske kategoriar som ikkje lenger fanst i det levande talemålet. Men samstundes skulle òg dei kategoriane som var arva frå gammalnorsk og framleis fanst i talemålet, kome til uttrykk i skrift. Det har vorte sagt at Aasen bygde på dialektane og brukte gammalnorsk som appellinstans der han var i tvil om kva som var den fullkomne forma. Sidan Aasen avviste at ein fann alle grunndialekten sine fullkomne former i ein einskild dialekt, måtte landsmålsnormalen byggje på ei samanlikning mellom alle dialektane, der ein tok ut det beste frå kvar av dei. Haugen har teke i bruk ordet rekonstruksjon framfor konstruksjon, i og med at Aasen gjekk ut frå eit levende talemålsgrunnlag. Han skreiv i 1965: «Aasen meinte han hadde funne eit språk, medan andre sa han hadde funne opp eitt. Eg meiner vi no kan identifisere det som ein rekonstruert, klassisk standard for dei norske dialektane.»[8]

Gustav Indrebø har sett opp fire prinsipp som Aasen følgde innanfor denne grunntanken i rekonstruksjonsarbeidet. Arne Torp og Lars S. Vikør har nemnt eit femte:

  1. Det sams systemet i dialektane i bøying og lydverk: Det var viktigare i normalspråket å få fram det sams systemet enn å få til eit strengt fonetisk samsvar med einskilddialektar.
  2. Samanhengslova: Samanhengen mellom nært beslekta ord skulle kome fram. Når ein skreiv kald, hug, riva, Vatn, skulle ein òg skrive kaldt, hugsa, rivna, vats-, ikkje kalt, huksa, remna, vass- sjølv om dei siste formene var mest i samsvar med uttalen.
  3. Skriftsystemet i nabospråka: Aasen skreiv for eksempel g(j)- og k(j)- i framlyd på same måte som i dansk, det vil seie ingen j framfor i, y og ei sjølv om uttalen var palatal.
  4. Det historiserande: Ein skulle kunne sjå samanhengen med gammalnorsk, men likevel ikkje slik at det kom på kant med dei andre prinsippa.
  5. Morfologisk eintydigheit: Kvar bøyingskategori skulle ha eit merke. For eksempel skulle inkjekjønnsformer ha -t både i substantiv (Huset, Augat) og i partisipp, adjektiv og determinativ (lagt, funnet, grønt, opet, nokot).

I motsetning til dei fleste andre som gjekk med tankar om eit landsmål i 1840-åra, såg Aasen for seg eit nytt bruksspråk som skulle fungere i praksis, og ikkje eit språk som berre skulle vere til stas og brukast til vitskaplege føremål, som nedskriving av folkedikting. Derfor ville Aasen at det som vart skrive på landsmål skulle vere mest mogleg einskapleg. Dess meir einskapleg det var, dess meir attkjennande og lettlært vart språket, og dess større respekt ville det få. Aasen var ein ihuga anti-ortofonist. Han hadde teke på seg den vanskelege oppgåva å gjere eit skriftspråk av eit mangfaldig talemålsgrunnlag, og ei streng gjennomføring av prinsippet om samsvar mellom tale og skrift ville i utgangspunktet gjort oppgåva meiningslaus.[7]

Det pedagogiske for Aasen låg i den stabile norma og den indre samanhengen i språket. Det var hovudgrunnen til at han la så mykje inn på å motarbeide variasjon i språkbruken og endringar i landsmålsnorma heilt frå 1850-åra til han døydde. I tillegg til dei praktiske omsyna la Aasen vekt på at språket skulle ha ei respektabel form. Dersom det skulle vere konkurransedyktig med dansk, måtte det ha ein viss historisitet og drag som folk var vane med frå skriftspråka i dansk og svensk. Begge omsyn verka inn då han følgde skriftsystemet i nabospråka, og når han valde dei mest historiserande dialektformene.[7]

1900-talet og språkreformene endre

Heilt frå byrjinga var det forskjellige syn blant målfolk på korleis skriftnormalen skulle vere. Ivar Aasen var naturlegvis ein autoritet, men tidlege målfolk som Aasmund Olavson Vinje, Arne Garborg og Olaus Fjørtoft utvikla alle kvar sin variant. Lengst frå Aasen stod Fjørtoft, som argumenterte for direkte samsvar mellom skrift og daglegtale, sjølv skreiv han på sin sunnmørsdialekt. Den fyrste offisielle landsmålsrettskrivinga frå 1901 var likevel stort sett i samsvar med Aasens landsmål.

Det var fyrst med samnorskpolitikken at normeringa av landsmålet tok ei anna lei. Tanken var ved gradvise endringar i dei to skriftspråka å samle seg om éin samnorsk normal. Den fyrste reforma i denne retninga var rettskrivinga av 1907 for riksmål. Dette var rett nok hovudsakleg ei reform av dansk skriftspråk i retning av det dansk-norske talemålet, men hovudarkitekten bak denne reforma, Moltke Moe, såg sjølv dette som det fyrste steget på vegen mot samnorsk. Deretter følgde 1910-rettskrivinga i landsmålet og 1917-rettskrivingane i både landsmål og riksmål. Alle desse reformene var relativt varsame i høve til det som skulle kome, ikkje minst fordi dei mest radikale endringane var valfrie.

Den moderne forma av nynorsk vart til gjennom rettskrivingsendringane av 1938 og 1959. Den mest markante endringa var at skrivemåten av ei rad ord er endra. Mest merksemd har nok likevel det at det såkalla i-målet vart fjerna frå læreboknormalen fått. Dei aller fleste endringane av skrivemåtar og bøyingsmønster vart gjort for å kome i samsvar med anten tradisjonelt bokmål eller nye samnorskformer i bokmål.

Som ein konsekvens av desse reformene har nynorsknormalen no alternative skrivemåtar og bøyingsmønster for mange ord. I utgangspunktet vart dette gjort for å kunne få til ein gradvis overgang til dei nye formene, men etter kvart har mange sett på valfridomen i seg sjølv som eit gode, fordi det gjev høve til å velje former som ligg nærare sitt eige talemål, ikkje ulikt Fjørtofts syn. Mot dette har andre vidareført Aasens syn på einskap, kontinuitet og indre struktur.

Fram til Rettskrivinga av 2012 hadde den nynorske skriftnormalen to nivå: hovudformer som skulle brukast i lærebøker og av det offentlege (læreboknormalen), og sideformer som var tillatne i elevarbeid og offisielt vart rekna som korrekte. Ved denne siste rettskrivingsreforma vart ein del sideformer tekne ut medan andre vart likestilte med hovudformer.[9]

Utviklinga av høgnorsk endre

Under prosessen med å samanslege nynorsk og bokmål til samnorsk så har den nynorske målforma vorte særs endra frå det som først var Ivar Aasen si språknorm. Til dømes er det ikkje lengre svake eller sterke hokjønnsformer att og i-målet er i dag totalt borte frå nynorsken. Nynorsk er i røynda ei samansleging av det opprinnelege landsmålet med det dansk-norske koinéspråket danna daglegtale som var talt og skrive på 1850-talet. Ein liten minioritet har halde seg tru mot den historiske norma som vart utvikla av Ivar Aasen der desse endringane av målforma under samnorskprosessen vart fullstendig avviste. Denne språknorma er i dag kjend som høgnorsk. Ivar Aasen-sambandet er i dag ein paraplyorganisasjon av foreiningar og individ som jobbar for å fremje høgnorsken.

Nynorsk samanlikna med bokmål endre

Substantiv endre

Eit grammatisk kjønn er ein ibuande eigenskap hjå substantiv. På norsk og dei fleste indo-europeiske språk så har kvart substantiv eigne bøyingsmønster som er avgjorde av det grammatiske kjønnet knytt til substantivet.

Med unnatak av bergensk, har dei norske dialektane bevart alle dei tre grammatiske kjønna frå norrønt. I bokmål er hokjønnet valfritt å nytte, så ein berre kan skrive med to kjønn, som i dansk. Til samanlikning så har nynorsk tre kjønn som i dei fleste dialektane. Desse er obligatoriske å bruke i nynorsk.

Bokmål følgjer hovudsakleg dei følgjande bøyingsmønstera for substantiva[10] og ein kan velje mellom eit heilt eller delvis samanfall av dei ulike formene for substantiva sine grammatiske kjønn for dei bundne og ubundne formene av substantiva.

Døme på substantivbøyinga i bokmål
Eintal Fleirtal
Ubunden Bunden Ubunden Bunden
Hankjønn en bil bilen biler bilene
Hokjønn ei/en linje linja/linjen linjer linjene
Inkjekjønn et hus huset hus husa/husene

Som ei følgje av den danske arven til bokmålet og at det i dansk skift ikkje var noko hokjønn så finst det nesten eit fullt samanfall mellom hokjønnsformene og hankjønnsformene i bokmål. På bokmål kan ein velje å skrive med to eller tre kjønn, altså anten berre nytta hankjønnsformene og inkjekjønnsformene nett som i dansk eller å nytta det fullnorske systemet med tre grammatiske kjønn; hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Mellom anna er det ikkje noko som skil hankjønnsord og hokjønnsord i fleirtal som ein kan sjå i den følgjande bøyingstabellen:

Substantivbøyinga for bokmål
Eintal Fleirtal
Ubunden Bunden Ubunden Bunden
Hankjønn en -en -er -ene
Hokjønn ei/en -a/-en
Inkjekjønn et -et -/-er -a/-ene

Dette står i kontrast til substantiva i nynorsk. I nynorsk er eit substantiv sitt kjønn fullstendig eintydig - ei form av substantivet er berre knytt til eitt av kjønna. Systemet med grammatiske kjønn står altså langt sterkare i nynorsk enn i bokmål. Det er altså ingen samanfall i kjønn på substantivformene[11]:

Substantivbøyinga for nynorsk
Eintal Fleirtal
Ubunden Bunden Ubunden Bunden
Hankjønn ein -en -ar -ane
Hokjønn ei -a -er -ene
Inkjekjønn eit -et - -a

Dette tyder at ein ikkje kan blande saman hokjønn og hankjønn som ein kan i bokmål eller berre skrive med to grammatiske kjønn. I nynorsk er det obligatorisk å nytte alle dei tre grammatiske kjønna, i motsetnad til bokmål. Nesten alle substantiv i nynorsk følgjer den ovannemnde bøyingstabellen.

Det einaste obligatoriske regelbundne unnataket frå bøyingstabellen for nynorske substantiv er at hokjønnsord på -ing vert bøygde i -ar og -ane i fleirtal, nett som eit hankjønnsord. Elles vert dei handsama som eit hokjønnsord i alle andre høve.

Substantiv i nynorsk, døme
Eintal Fleirtal
Ubunden Bunden Ubunden Bunden
Hankjønn ein båt båten båtar båtane
Hokjønn ei linje linja linjer linjene
Inkjekjønn eit hus huset hus husa

Bøyingsverk endre

Eit grammatisk kjønn er ikkje karakterisert av substantivbøyinga åleine. Det avgjerande er at kjønnet styrer bøyinga av andre ord som vert samsvarsbøygde med substantivet. Dette gjeld determinativ, adjektiv og partisipp.

Bøyingsmønstera i nynorsk er særs like dei tilsvarande i bokmål, men ulikt bokmål er hokjønnsformene obligatoriske og må verte nytta der dei finst. For adjektiv og determinativ er det berre ei lita mengde med hokjønnsformer att. Etter rettskrivinga av 2012 har heller ikkje sterke partisipp ei eiga hokjønnsbøying.

Adjektiv endre

Nynorsk har eit meir fullkome system for bøying av adjektiv enn bokmål. Følgjande nedanfor er eit adjektiv frå ei lita mengde av adjektiv med ei eiga hokjønnsbøying i nynorsk. Andre adjektiv med ei eiga hokjønnsbøyning er òg dei som er skipa av determinativ som t.d «særeigen» og «stadeigen».

Døme av bøyinga av adjektivet «liten»
HankjønnHokjønnFleirtal
Guten er litenJenta er litaTreet er lite

Dei fleste adjektiv vert elles bøygde som i bokmål, men adjektiv/partisipp med diftongending får ofte dobbeltkonsonantar i inkjekjønn:

Bøying, adjektiv med diftongending[12]
Hankjønn/hokjønnInkjekjønnFleirtal
--tt-e

Som tyder at det på nynorsk vert skrive «det er greitt», «det er leitt å høyre» osv.

Partisipp endre

Eit av dei mest markante trekka som skil bokmål og nynorsk er bøyinga av perfektum partisipp. Nynorsk har eit meir fullkome bøyingssystem enn bokmål der både perfektum partisipp og adjektiv vert bøygde i kjønn og tal, her illustrert med ei samanlikning med adjektivet «raudt»[13] og partisippet «sendt»[14] av verbet sende. Perfektum partisipp er verb som verker som eit adjektiv og difor vert bøygde i same grad som eit adjektiv [15].

Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
Boksen er raud Pakka er raud Brevet er raudt Pakkene er raude
Boksen er send Pakka er send Brevet er sendt Pakkene er sende

Bøyinga av perfektum partisipp i nynorsk deler fleire trekk med det svenske språket, mellom anna er perfektum partisipp i nynorsk bøygde i både kjønn og tal nett som i det svenske språket. Dette er i motsetnad til bokmål og dansk som berre har ei bøying i tal for perfektum partisipp (t.d bokmål; «en drept kriger», «de drepte krigerne»). Bøyingsforma for partisippet er bunden av kva for ein type verb som vert nytta, dette vert vidare skildra i verbseksjonen. Det ovannemnde dømet var eit døme på ei samsvarsbøying av eit svakt verb. Sterke verb (som t.d verbet «skrive») vert òg samsvarsbøygde og får følgjande bøying[16]:

Sterk bøying av partisipp i nynorsk
Hankjønn/hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
-en -e -ne

Før 2012 reforma hadde sterke substantiv også ei eiga hokjønnsbøying for sterke verbpartisipp, dette var eit -i suffiks.

Alle partisipp og adjektiv må verte samsvarsbøygde både som attributt (t.d «ei god bok») og etter kopulaverb (t.d «boka er god»), nett som i bokmål. Dette gjeld for alle tider av kopulaverba. Kjende kopulaverb i nynorsk er i stor grad dei tilsvarande kopulaverba for bokmål. Bli og verte er slike kopulaverb og kan verta nytta om kvarandre (verte har norrøne røter og difor ei meir fullstendig nynorskbøying, bli har nedertyske røter). Vidare er vere òg eit kopulaverb og er det som vart nytta i dømet ovanfor (er er presens av vere). Dei refleksive verba i nynorsk og i bokmål er òg kopulaverb der som må samsvarsbøyast.

Merk at adjektiv og partisipp i bokmål er valfrie å bøye i tal etter kopulaverb men obligatoriske å bøye som attributt, altså kan ein på bokmål skrive «krigerne er drept» i staden for «krigerne er drepte». Nynorsk har obligatorisk bøying i tal for både attributt og kopulaverb, altså må det på nynorsk verte skrive «krigarane er drepne». Ein grunn til kvifor det er obligatorisk kan sjåast i samanheng med ubunde intetkjønn flertall. På nynorsk skriv ein menneske medan ein på bokmål skriv «mennesker». Skal det vere openbert at det er fleirtal må adjektiv/partisipp òg verte bøygde i flertal. I setninga på bokmål «mennesker er drept» er substantivet openbert fleirtal, medan tilsvarande setning på nynorsk vert menneske er drepne. Om nynorsk hadde hatt same partisippbøying som bokmål (altså uten tal) så hadde det ikkje vore like openbert at menneske og andre tilsvarande inkjekjønnsord var fleirtal.

Om det ovannemnde bøyingsmønsteret vert følgt så får ein følgjande døme på setningar. Her vert alle partisipp samsvarsbøygde etter alle moglege tider av kopulaverba vere, verte og bli. Nedanfor er alle dei ulike verbtidene av desse kopulaverba som gjev samsvarsbøying. Merk òg at infinitiven av verba kan gjeve samsvarsbøying i tilleg til dei tidene nemnde nedanfor, t.d «mannen ønskjer å bli/verte lauslaten».

Døme på samsvarsbøying med kopulaverb
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
Protokollen er skriven Boka er skriven Brevet er skrive Bøkene er skrivne
Mannen var lauslaten Kvinna var lauslaten Dyret var lauslate Gutane var lauslatne
Guten har vore oppteken Jenta har vore oppteken Barnet har vore oppteke Gutane har vore opptekne
Tingen blir/vert forboden Greia blir/vert forboden Skytevåpenet blir/vert forbode Skytevåpena blir/vert forbodne
Mannen blei/vart drepen Kvinna blei/vart drepen Dyret blei/vart drepe Dyra blei/vart drepne
Protokollen har blitt/vorte lesen Boka har blitt/vorte lesen Brevet har blitt/vorte lese Bøkene har blitt/vorte lesne

Partisippbøyinga kan vidare verte samanlikna med adjektivbøyinga i nynorsk/bokmål, da dei følgjer nett dei same mønstera. Nett som det heiter «mannen har blitt god» så heiter det «mannen har blitt lauslaten» då både god og lauslaten er maskulin/feminin form og vert samsvarsbøygd med substantivet «mannen» som er av same kjønn som adjektivforma/partisippforma. Det vert samsvarsbøying av di ei tid av kopulaverbet «bli» vert nytta (i dette høvet presens perfektum av vere; har blitt).

Døme på samsvarsbøying som attributt
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
Ein skriven protokoll Ei skriven bok Eit skrive brev To skrivne brev

Dei svake verba vert samsvarsbøygde etter følgjande mønster gjevne i tabellane nedanfor. Det er særleg her nynorsk har store likskapar med bøyingssystemet for partisipp i svensk då fleire av desse verba òg vert bøygde i kjønn og tal og fleire av bøyingsendingane er like. Det svenske systemet står likevel sterkare då dei har full samsvarsbøying i kjønn og tal for blant anna a-verb, medan dagens nynosk har berre ei form for a-verba i alle høve, som synt nedanfor. I nynorsk er det òg etter den nye rettskrivinga av 2012 mogleg å late vere å samsvarsbøye partisipp av svake verb etter kopulaverb, men dei må verte samsvarsbøygde som attributt[17]. I svensk er begge høve obligatoriske.

Partisippbøyinga for a-verb[18]
Hankjønn/hokjønn/inkjekjønn/fleirtal
-a
Partisippbøying for e-verb (-de i fortid) og j-verb[19]
Hankjønn/hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
-d -t -de

E-verba med -te i fortid har dei same bøyingane som i bokmål:

Partisippbøyinga for e-verb (med -te i fortid)[20]
Hankjønn/hokjønn/intetkjønn Fleirtal
-t -te
Partisippbøying for kortverb[21]
Hankjønn/hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
-dd -dd/-tt -dde
Døme på samsvarsbøying som attributt, svake verb
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
Ein ferdiglaga rapport Ei ferdiglaga suppe Eit ferdiglaga måltid To ferdiglaga måltid
Ein nedlagd fabrikk Ei nedlagd verksemd Eit nedlagt føretak To nedlagde føretak
Ein halvgjord rapport Ei halvgjord oppgåve Eit halvgjort arbeid To halvgjorde rapportar
Ein nådd milepåle Ei nådd grense Eit nådd/nått mål To oppnådde mål

Determinativ endre

Determinativa i nynorsk skil seg frå dei i bokmål ved at mange av dei har ei eiga hokjønnsbøying som må samsvare med kjønnet til det etterfølgde substantivet som ofte ikkje eksisterer i bokmål. I bokmål vert oftest hankjønnsformene av determinativ og adjektiv nytta også i hokjønn, slik at bokmål i praksis har to kjønn som i riksmål og dansk. I nynorsk har ein der i mot eigne hokjønnsformer som er obligatoriske å nytte.

Bøyinga av «ingen»[22]
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
ingen ingainkjeingen

Hokjønnsforma «inga» finst på bokmål au, men ikkje forma «inkje» (tilsvarande forma for inkje i bokmål er «intet»).

Bøyinga av «eigen»[23]
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
eigen eigaeigeeigne
Bøyinga av «nokon»[24]
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
nokon nokanokonokre/nokon
Døme på bruk
Min eigen rev
Mi eiga løve
Mitt eige tre
Mine eigne barn
Eg har ingen barn
Eg har inga kone
Vår eiga hytte
Eg såg nokre fuglar
Eg har ikkje noka avis

Verb endre

Generelt sett er skiljet mellom dei sterke verba og dei svake verba i nynorsk og dei fleste av dei norske dialektane større enn i bokmål. På bokmål kan ein til dømes velje å bøye både svake og sterke verb med endinga -et i presens perfektum i staden for å skile dei ved å nytta -a for svake verb og -et for sterke verb. Til dømes kan det svake verbet kaste verta bøygt som kastet på bokmål i staden for å nytta ei eiga bøyingsform -a som i kasta. Dette lét seg ikkje gjere i nynorsk som krev eit skilje mellom sterke og svake verb. Det heiter difor berre kasta i nynorsk.

Generelt sett vert verb i nynorsk delte inn i to kategoriar, sterke eller svake. Svake verb vert vidare delte inn i ymse verbkategoriar; a-verb, e-verb, j-verb og kortverb. Dette avgjer kva for ei bøying verbet får både for partisippet og dei ymse verbtidene. Til dømes vil e-verb med -te i preteritum berre ha partisippbøying i tal, medan e-verb med -de får partisippbøying i kjønn og tal som vist i partisippseksjonen. Også verbsystemet i nynorsk har mange likskapar med svensk. Verb er delte inn i sterke/svake og mange av bøyningsendingane er dei same (-ar i presens for a-verb mellom anna).

Svake verb i nynorsk[25]
Infinitiv presens preteritum presens perfektum Verbkategori
å kaste kastar kasta har kasta a-verb
å kjøpe kjøper kjøpte har kjøpt e-verb (-te preteritum)
å byggje byggjer bygde har bygt e-verb (-de preteritum)
å krevje krev kravde har kravt j-verb
å bu bur budde har budd/butt kortverb

Det er ofte viktig å identifisere kva for ei bøyingsklasse eit verb høyrer til. Som ein ser her vil j-verb ha -je/-ja i infinitiven. e-verb har -er i presens og a-verb har -ar i presens og -a i preteritum.

Sterke verb i nynorsk[26]
Infinitiv presens preteritum presens perfektum
å skrive skriv skreiv har skrive
å drepe drep drap har drepe
å lese les las har lese
å tillate tillèt tillét har tillate

Alle sterke verb har inga ending i presens og preteritum og det einaste skiljet mellom desse formene er eit vokalskifte[27].

På nynorsk kan ein i motsetnad til bokmål velje om ein vil skrive med -e infinitiv eller -a infinitiv (altså anten «skrive»/«skriva»)[28]. Ein kan au velje å skrive med eit system som nyttar både -a endingar og -e endingar bunde av kva for eit verb det er snakk om, dette vert kalla kløyvd infinitiv[29]. Dette er trekk som er svært utbreidde i norske dialektar.

Parverb endre

Eit parverb er eit verb som har to ulike bøyingsmønster, ei kausativ bøying og ei ikkje-kausativ bøying. Eit verb som er parverb har altså to ulike bøyingar som er bundne av om det er nokon som er årsak til handlinga eller ikkje. Parverbsystemet i nynorsk er ikkje så ulikt som systemet i svensk og tysk. Det finst parverb både i bokmål og nynorsk, men parverbsystemet i nynorsk er meir bevart enn det er i bokmål og nærare korleis det var i norrønt.

Til dømes så er alle sterke verb som òg er parverb skilde i preteritum på følgjande måte i bokmål, bunde av om verbet er meint kausativt eller ikkje. Det følgjande dømet er døme på det sterke verbet «brenne» i bokmål:

  • Jakka brant (Inga årsak til handlinga (brannen) er nemnd, dvs får verbet den ikkje-kausative bøyinga «brant»)
  • Pål brente jakka (Årsaka til handlinga (brannen) er nemnd, Pål utløyste brannen. Verbet har då den kausative bøyinga «brente»)

Det som skil bokmål og nynorsk for parverb er at det i nynorsk ikkje berre vert skilt i preteritum som i dette dømet, men også for alle verbtider, akkurat som i det svenske språket. Dansk hadde opphavleg ikkje sterke parverb. Det har ført til at parverbsystemet i bokmål er noko redusert for dei sterke verba ennå slike parverb er vanlege i dialektar for alle tider, ikkje berre preteritum.

Her har me igjen parverbet «brenne», men nå på nynorsk. Den øvste bøyinga er for når verbet er ikkje-kausativt, medan den nedste bøyinga er for når verbet er kausativt. Fleire norske dialektar har òg dette systemet, til dømes har fleire trønderske dialekter typisk formene brinn og brenn i presens, bunde av om verbet er meint kausativt eller ikkje.

Parverbet «brenne» i Nynorsk
Infinitiv presens preteritum presens perfektum perfektum partisipp, han/hokjønn perfektum partisipp, inkjekjønn
å brenne brenn brann har brunne brunnen brunne
å brenne brenner brende har brent brend brent
Døme, «brenne»
Låven brenn
Hytta brann
Eg brenner ned huset
Eg brende ned treet
Partisippa for parverba endre

Ein stor skilnad mellom parverba i bokmål og nynorsk er òg partisippa for parverba. For den øvste bøyinga så vert det ikkje sagt noko om kven som har gjort handlinga, som i setninga «hytta brann». Dette gjeld òg dei tilsvarande partisippa. Bokmål har berre éi partisippform, ein seier «hytta er utbrent» i alle høve. Nynorsk (og også svensk) har to partisippformer som skil mellom om ein vil seie noko om det er ei handling eller ikkje, i motsetnad til bokmål.

Setninga «Hytta er utbrunnen» seier ingen ting om at nokon har brent ho ned, setninga berre stadfestar at hytta har brunne til grunnen. Setninga «Hytta er utbrend» seier likevel noko om han som utfører handlinga, ho sier at hytta er brent ned til grunnen av nokon. Ein slik skilnad finst for alle parverb og ein kan i nynorsk velje i kva grad ein ønskjer å vere presis når ein seier noko om årsaka til handlinga. Denne graden av kor presis ein vil vere finst ikkje i bokmål/dansk. Eit anna døme er partisippformene for parverbet «knekke». «Greina er knokken» seier ingen ting om årsaka (altså at nokon har knekt ho), medan «Greina er knekt» seier tydeleg at det er nokon som har knekt ho. Dette er i tråd med dei tilsvarande verbtidene for kvart av verba ovanfor; «Hytta brenn» seier ingen ting om han som handlar, medan «Eg brenner ned hytta» seier noko om han som handlar.

Passive verbformer endre

Passiv verbform på bokmål vert skipa ved suffikset -es, som i «hentes». På nynorsk vert passivkonstruksjon skipa ved eit -ast suffiks som er det same suffikset frå norrønt av og som finst i moderne islandsk. Til dømes finst passivforma hentast av verbet hente. Det er likevel ein viktig skilnad mellom nynorsk og bokmål på dette punktet og det er at det berre er lov til å nytte passivforma av eit verb når det står eit hjelpeverb framføre det (som t.d , skal, vil, burde). Passivforma på bokmål kan vere både refleksiv og ikkje-refleksiv, medan ho på nynorsk berre kan vere ikkje-refleksiv og dette vert gjort ved å sette eit hjelpeverb framføre passivforma av verbet. Til dømes lét det seg ikkje gjere å skrive «pakka hentast i dag» på nynorsk, då må det heller verte skrive om ved hjelp av verba vere, verte eller bli, til dømes pakka vert henta i dag.

Hovedårsaka til dette er av di det på eit generelt grunnlag kan oppstå rådløyse om noko har ei refleksiv tyding eller ikkje-refleksiv tyding, som t.d i den ugrammatiske setninga «han slåast». Ein kan då spørje seg om personen vert slegen eller om han slåst. For nett dette verbet finst det ein nyanse, men på eit generelt grunnlag gjer det ikkje det. Det er den ikkje-refleksive konstruksjonen som er eldst i norsk og han er av den grunnen den einaste passivkonstruksjonen som er tillaten i nynorsk. Islandsk og norrønt har òg dette som den einaste moglege passivkonstruksjonen.

Døme
Eska skal berast
Barna må reddast
Sykkelen burde seljast

Det finst verb med ei refleksiv tyding i nynorsk som i alle andre skandinaviske språk, og desse er ikkje dei same som passive verbformer. Døme på slike verb er synast og kjennast. Desse verba vert bøygde i tid, det same hender ikkje med passive verbformer. Ei god ordbok vil normalt syne ein bøyingstabell i tid om verbet er eit refleksivt verb, medan det ikkje vert vist noko bøyingstabell i tid for passive verbformer.

Refleksive verb endre

Verbet «kjennast»i nynorsk
Infinitiv presens preteritum presens perfektum
å kjennastkjennest kjentest har kjenst

Dei fleste refleksive verba vert bøygde etter dette mønsteret.

Døme
Dyna byrjar å kjennast varm
Maten kjennest kald
Bollene kjentest kalde
Det har kjenst godt
Det kan kjennast kaldt

Stumme t-ar endre

Perfektum partisipp og preteritum i nokre verbklasser endar på bokmål på -et. Aasen hadde opphavleg med denne t-en i landsmålsnormalen, men sidan han er stum i dialektane, vart han stroken alt i den fyrste offisielle rettskrivinga frå 1901. Eksempel er bokmålsformene skrevet og hoppet som i nynorsk skriftspråk heitte skrive og hoppa. Den siste forma er òg tillaten i bokmål.

Pronomen endre

Generelt finst følgjande pronomen i bokmål, som kan samanliknast med den tilsvarande tabellen for nynorsk under. Pronomen er kasusbøygde i både nynorsk og bokmål.

Pronomen i bokmål
Subjektform Objektform Eigedomspronomen
jeg meg min, mi, mitt
du deg din, di, ditt
han

hun

det, den

ham/han

henne

det, den

hans

hennes

vi oss vår, vårt
dere dere deres
de dem deres
Pronomen i nynorsk[30]
Subjektform Objektform Eigedomspronomen
eg meg min, mi, mitt
du deg din, di, ditt
han

ho

det

han henne/ho

det

hans

hennar

vi/meossvår, vårt
de/dokkerdykk/dokkerdykkar/dokkar
deideideira

Pronomenet «den» finst ikkje på nynorsk (berre demonstrativet «den» som i «den flotte kvinna»)[31]. Ein nyttar i staden dei personlege pronomena «han», «ho» samt. «det» bunde av kjønnet til substantivet, nett som i tysk.

Nynorsk Bokmål
Kor er boka mi? Ho er her Hvor er boka mi? Den er her
Kor er bilen min? Han er her Hvor er bilen min? Den er her
Kor er brevet mitt? Det er her Hvor er brevet mitt? Det er her

Merk òg at eigedomspronomen alltid vil vere etterstilte i nynorsk som i dette dømet, om ikkje ein ønskjer å framheve eigedomsrelasjonen i setninga; «Det er mi kone og berre mi!». Dette er eit av trekka som gjer norsk unikt frå svensk og dansk då dei alltid har eigedomspronomena foranstilte. Som følgje av bokmålets danske arv er det ofte valfritt om ein vil skrive «min bil» eller «bilen min». På nynorsk er berre det sistnemnde tillate.

Ordformer endre

Det ein ofte fyrst tenkjer på når ein samanliknar nynorsk og bokmål, er iaugefallande skilnader som ordformene eg og ikkje i motsetnad til jeg og ikke. Som mange slike frekvente ord finst desse i mange variantar i dialektane, for eksempel e(g)/æ(g), (e)i, je og ikkje, inte/ente, itt(e). Skilnaden mellom bokmål og nynorsk er at medan bokmål hovudsakleg har henta formene frå det danske skriftspråket eller det dansk-norske talemålet, er formene i det nynorske standardspråket henta frå Aasens (re)konstruerte grunndialekt, og såleis meint å representere alle dei ulike dialektformene.

Eit eksempel er formene hovud og hode som i dialektane òg kan heite håve, hau(d), høvv, huvvu, huggu, hue og fleire. D-en i grunnforma hovud er for det meste stum, bortsett frå i sunnmørsforma haud. Vokalen o har ofte ein open uttale, det vil seie å eller ø, og dette finn vi i det sørvestlandske håve og det trondheimske høvv. Ein slik open o kan òg bli til kort vokal som i høvv, huvvu og huggu. De to siste formene har behalde endevokalen u og denne har påverka o-en ved jamning. Elles kan trykklette endevokalar svekkast til e som i håve og austlandsforma hue, eller forsvinne heilt (apokope) som i høvv. Vidare er v etter kort vokal i nokre dialektar herda til g som i huggu, medan v-en i andre tilfelle har falle bort som i den samandregne forma hau(d). Bokmålsforma hode kjem på si side direkte frå det dansk-norske koinéspråket, truleg som eit kompromiss mellom det danske hoved og det norske hue. Ei anna side av saka er at både hode og andre former frå vårt største standardspråk no breier seg i dialektane, truleg på grunn av bokmålet sin dominans og prestisje.

Eit anna eksempel er formene hol og hull. Igjen har vi ein open o som forklarer dialektformene hål, høl og håll. Bokmålsforma kjem på si side frå den danske skriftforma (med den skilnaden at ein i dansk rettskriving forenklar doble konsonantar i slutten av ord: hullet, men et hul).

Bruk av språket endre

I 2005 kartla TNS Gallup talet nynorsk- og bokmålsbrukarar på oppdrag frå Riksmålsforbundet.[treng kjelde] Dei kom fram til at 7,5% av nordmennene bruker berre nynorsk når dei skriv, og at 5,5% bruker begge målformene. Desse reelt tospråklege kan reknast som nynorskbrukarar, sidan stort sett berre folk som har nynorsk som hovudmål er reelt tospråklege. I følgje denne undersøkinga er det blant fylka i Noreg berre i Sogn og Fjordane nynorskbrukarane er i fleirtal – også om vi reknar brukarar av begge målformene som nynorskbrukarar. Spørsmålet intervjuobjekta fekk, var: «Når du skal skrive i private sammenhenger – benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/riksmål eller begge former omtrent like mye?» Sidan år 2000 er det berre Riksmålsforbundet som har drive med slik kartlegging av talet nynorskbrukarar. Språkrådet (som den gongen heitte Norsk språkråd) tinga ei slik undersøking seinast i 1995.

Støtta til nynorsken er likevel breiare enn denne undersøkinga viser. Det syner ei meiningsmåling offentleggjord 6. november 2006 der eit representativt utval av innbyggjarane i Møre og Romsdal vart spurde om dei vil at administrajonsmålet til fylket framleis skal vere nynorsk. Det var klart fleirtal for dette.[32]

Den vanlege måten å sjå dette på, er likevel å rekne talet på kommunar i eit fylke som har nynorsk eller bokmål som administrasjonsspråk, eller som er språknøytrale. Da byggjer ein ikkje på meiningsmålingar med dei feilkjeldene desse alltid har, men på offentleg statistikk. I Møre og Romsdal er til dømes 23 kommunar nynorskkommunar, 13 er nøytrale og berre to er bokmålskommunar. Fylket har derfor nynorsk som administrasjonsspråk. Også om ein ser på talet på elevar i nynorske grunnskulekrinsar mot bokmålskrinsar, er det fleirtal for nynorsk i Møre og Romsdal. Da er talet 55% mot 45% i bokmålskrinsar. Også her kan ein byggje på offisiell statistikk i staden for meiningsmålingar, og opplæringsmålet i skulekrinsar vert avgjort i målrøystingar der det har vore reist krav om det.

Etter reglane i mållova er nynorsk fleirtalsmålform i fire fylke: Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Nynorsk i skulen endre

For meir om dette emnet, sjå Nynorsk i grunnskulen.

I dag (pr. januar 2022) nyttar 74 493 elevar i grunnskulen (1.–10. trinn) nynorsk, medan 634 674 elevar har bokmål som hovudmål. Av den totale elevmassen som har norsk som morsmål utgjer delen nynorskelevar 11,6 %.[2]

Dei aller fleste av desse, 90,2 %, er elevar i dei tre vestlandsfylka, men sjølv på Vestlandet er nynorskelevane i mindretal då 40,1 % nyttar nynorsk. Dette er grunna det store talet på bokmålselevar i og kring Bergen, Stavanger og dei andre vestlandsbyane. På det sentrale Austlandet, langs kysten av Sørlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg finst det praktisk tala ikkje nynorskelevar. På Austlandet og Sørlandet er dei lokalisert til desse regionane: Nord-Gudbrandsdalen, Valdres, øvre Hallingdal, Vest-Telemark, Setesdalen og Indre Agder.

Tal frå 2019 viser viss ein ordnar landsdelane og fylka etter prosentvise lutar nynorskelever endar ein opp med desse tala: Vestlandet (40,1 %), Sørlandet (3,6 %), Østlandet (1,9 %), Trøndelag (0,0008 %), Nord-Norge (0,0002 %) – Sogn og Fjordane (97,9 %), Møre og Romsdal (49,4 %), Hordaland (38,4 %), Rogaland (22,8 %), Oppland (16,7 %), Telemark (9,4 %), Aust-Agder (4,6 %), Vest-Agder (3,0 %), Buskerud (2,0 %).

Om ein rangerer fylka etter talet nynorskelevar (i absolutte tal) har: Vestland (36 965), Møre og Romsdal (15 408), Rogaland (14 242), Innlandet (3 226), Vestfold og Telemark (1 770), Agder (1 314), Viken (565), avslutningsvis har Oslo, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark éin eller mindre.[2]

Status for nynorsk endre

 
Kyrkjesokn i Nord-Trøndelag var blant dei fyrste som tok i bruk nynorsk som kyrkjespråk. I dag brukar om lag 10 % av sokna i Trøndelag nynorsk liturgi.[33]

Nynorsk hadde si største utbreiing til no i tida etter innføringa av rettskrivinga av 1938, då ein tredel av elevane i grunnskulen hadde nynorsk som hovudmål. Då stod målet sterkt ikkje berre på Vestlandet, men òg på indre delar av Austlandet, og store delar av Sørlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg. Det var berre på låglandet på Austlandet og Finnmark der målet i det heile ikkje fekk fotefeste. Nynorsk fekk heller ikkje innpass i byane kring kysten og landet elles, noko som kan ha medverka til at målet fekk ein kraftig attergang etter krigen.

Frå 1950-talet minska delen nynorskelevar kraftig til han stabiliserte seg på om lag 17% frå 1970-talet til utpå 1990-talet. Nynorsken forsvann ut att som skulemål der han kom seinast inn, og ikkje hadde støtte i bruk utanom skulen. Sentraliseringa i samfunnet er òg ein viktig grunn til minkinga. Nynorsken står nå attende med eit kjerneområde på Vestlandet og dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet. Sidan midt på 1990-talet har det vore ei jamn attergang på om lag 0,2 prosentpoeng pr år, særleg i distrikta kring byane på Vestlandet og i Aust-Telemark har målet mista oppslutnad i desse åra. I heile landet har ein av åtte elevar (12.4%) nynorsk som opplæringsmål i grunnskulen (2014).

Nynorskbrukarar som jobbar i norsk næringsliv har i regelen få opningar for å bruke nynorsk, men må bruke riksmål/konservativt bokmål (eller engelsk) der tekstane skal brukast eksternt eller representere firmaet. Dette betyr at det enno vert utøvd mykje strukturell tvang i retning av riksmål/konservativt bokmål. Statistikkar som viser til fordelinga av nynorsk og bokmål må tolkast ut frå den strukturelle tvangen som vert utøvd i norsk næringsliv.[treng kjelde]

Nynorsken er likevel meir synleg i samfunnet under eitt i dag enn han nokon gong har vore, særleg gjennom bruk i NRK fjernsynet. I TV 2 brukar dei òg ein del nynorsk, men mest munnleg. Han er òg bruka i rimeleg grad av somme store regionsaviser, medan dei største riksavisene framleis har eit faktisk forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Dette gjeld VG, Dagbladet og Aftenposten. Derimot har desse riksavisene opna for nynorskskrivande journalistar: Vårt Land, Nationen, Dagsavisen og Klassekampen. Kong Harald kviar seg for å nytta nynorsk, di hav ikkje vil vere «knote-konge».[34] I dataverda finst det etter kvart stadig fleire program og verktøy på nynorsk.

Likefullt fortsetter åtaka på nynorsken, serleg frå høgresida i politikken. Dei seinare åra har det kome mange framlegg om å gjere sidemålet friviljug eller berre munleg – dette er i praksis snakk om undergraving av nynorsken sin posisjon som likesteld målform. Om ein ser nok fram i tid, uttalar fleire seg pessimistisk om framtida for målet.[35][36]

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Referansar endre

  1. Theil, Rolf; Allkunne (30. mars 2022). «nynorsk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. 2,0 2,1 2,2 «1 av 9 har nynorsk som hovudmål i skolen», SSB (på norsk bokmål), henta 13. september 2022 
  3. Tove Bull (2004). «Nynorsk som minoritetsspråk». Språknytt (3-4). ISSN 0806-2870. 
  4. Arne Torp (2004). «Nordiske språk i nåtid og fortid». I Iben Stampe Sletten. Nordens språk - med røtter og føtter (PDF). ISBN 92-893-1042-1. 
  5. Ivar Aasen (1864). Norsk Grammatik. Christiania: B. T. Mallings Forlagsboghandel. 
  6. 6,0 6,1 Ivar Aasen (1846). «Om en Ordbog over det norske Almuesprog samt en dertil hørende Grammatik.». Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter i det 19de Aarhundrede (4). 
  7. 7,0 7,1 7,2 Oddmund Løkensgard Hoel (1996). Nasjonalisme i norsk målstrid 1848-1865. Oslo: Noregs Forskingsråd. ISBN 82-12-00695-6. 
  8. Einar Haugen (1975). «Konstruksjon og rekonstruksjon i språkplanlegging: Ivar Aasens grammatikk.». I Magne Myhren. Ei bok om Ivar Aasen. Språkgranskaren og målreisaren. Oslo: Samlaget. ISBN 9788252104257. 
  9. Rettskrivinga av 2012, sprakradet.no
  10. «Bøying». www.ressurssidene.no (på norsk bokmål). Henta 14. juli 2018. [daud lenkje]
  11. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  12. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  13. «Bokmålsordboka | Nynorskordboka». ordbok.uib.no. Henta 19. desember 2018. 
  14. «Bokmålsordboka | Nynorskordboka». ordbok.uib.no. Henta 19. desember 2018. 
  15. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 19. desember 2018. 
  16. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 13. september 2018. 
  17. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 13. januar 2017. Henta 12. januar 2017. ; Nye reglar: samsvarsbøying av perfektum partisipp
  18. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  19. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  20. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  21. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  22. «Bokmålsordboka | Nynorskordboka». ordbok.uib.no. Henta 14. juli 2018. 
  23. «Bokmålsordboka | Nynorskordboka». ordbok.uib.no. Henta 14. juli 2018. 
  24. «Bokmålsordboka | Nynorskordboka». ordbok.uib.no. Henta 14. juli 2018. 
  25. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  26. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  27. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  28. «Rettleiing om konsekvent nynorsk». Språkrådet (på norsk). Henta 14. juli 2018. 
  29. Skjekkeland, Martin (14. desember 2017), «kløyvd infinitiv», Store norske leksikon (på norsk), henta 14. juli 2018 
  30. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  31. «Språkrådet». elevrom.sprakradet.no. Henta 14. juli 2018. 
  32. [1][daud lenkje]
  33. Aasentunet
  34. [2]
  35. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. februar 2014, henta 20. mars 2013 
  36. arkivkopi, arkivert frå originalen 2. februar 2014, henta 20. mars 2013