Bygningar ved gruva i Knaben

Fjotland er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke, i dag ein del av Kvinesdal kommune. Fjotland var eigen kommune frå 1837 til 1840 og frå 1858 til 1963.

KommunesogeEndra

Fjotland herad vart fyrste gong oppretta ved innføringa av formannskapslovene i 1838. Alt tre år etter, i 1841, vart Fjotland innlemma i Kvinesdal kommune, og slik var det til Fjotland vart skild ut att frå Kvinesdal som eige herad i 1858. Ved andre skipinga budde det 1044 personar i heradet. Sidan det store kommunebrigdet i 1964 har Fjotland igjen vore del av Kvinesdal kommune. I denne nyaste kommunedanninga inngår også den tidlegare kommunen Feda.

Den norske kyrkjaEndra

Fjotland er eit sokn Lister prosti i Agder og Telemark bispedømme. Då ordninga med prestegjeld vart avvikla i 2004 høyrde soknet til Kvinesdal prestegjeld.

VegarEndra

Riksveg 42 går gjennom Fjotland. På Kvinlog kryssar den med Riksveg 465.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • Johan Jerstad (1949). Fjotland : Sogebok. Fjotland: Fjotland herad. 
  • Per Tang (1952). «Fjotland». I Arnulv Sudman. Norsk Allkunnebok. IV. Oslo: Fonna Forlag. s. 470-471.  [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)]