Fläming er eit område og ei rekkje åsar som strekkjer seg over 100 km frå elva Elbe til elva Dahme i Tyskland og delstatane Sachsen-Anhalt og Brandenburg. Den høgaste toppen er Hagelberg på 201 meter over havet. Namnet Fläming har sitt opphav frå 1100-taletflamske kolonistar slo seg ned i området etter å ha immigrert frå dei overfylte byane i Flandern.

Periglasialt elveleie, «Steile Kieten», nær Belzig

I dag er Fläming eit landleg område, som ligg i nærleiken av storbyområdet til Berlin, og turisme har vorte ei viktig økonomisk næring. Med sine tre naturparkar (Hohe Fläming naturpark, Fläming naturpark og Nuthe-Nieplitz naturpark) er fokuset på turar, sykling og rekreasjon i naturen. Ein annan turistattraksjon er FlaemingSkate, som er den lengste rulleskeisebanen i Europa (190 km). Byane og landsbyane Ziesar, Belzig, Niemegk, Treuenbrietzen, Jüterbog, Baruth/Mark, Dahme/Mark, Wittenberg, Loburg, Möckern og Zerbst, i tillegg til kommunane Wiesenburg (Mark) og Rabenstein/Fläming, ligg i eller på grensa til Fläming.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hoher Fläming naturpark
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fläming naturpark

Kjelde endre

52°00′N 12°45′E / 52.000°N 12.750°E / 52.000; 12.750