Flå stavkyrkje

tidl. stavkyrkje i Flå kommune

60°25′32″N 9°28′26″E / 60.425525°N 9.473924°E / 60.425525; 9.473924

Stavkyrkja teikna av Johannes Flintoe i 1819
Portal frå Flå stavkyrkje
Foto: Ukjent/Riksantikvaren

Flå stavkyrkje stod på Ve (gnr. 9), på austsida av Hallingdalselva, medan dagens Flå kyrkje vart oppført ved Vold (gnr. 25) på vestsida i 1858.

Det er få skriftlege vitnesbyrd som kan bidra til ei presis datering av stavkyrkja, men Lorentz Dietrichson daterer kyrkja til nokså nær 1200 på grunnlag av ornamentikken. Det synest som om Flå hadde eigen prest og prestegard i mellomalderen, men ein trur at det kan ha vore slutt på dette i seinmellomalderen, sidan presten er nemnd berre ein gong (i 1499)[1] og ikkje med namn.[2] Etter reformasjonen var kyrkja anneks til Nes. Ho vart som andre kyrkjer seld på auksjon i 1723, og ved ei synfaring i 1740 er kyrkja omtala som Wees. Kyrkja kom i kommunal eige i 1816.[3]

Stavkyrkja var opphavleg ei midtmastkyrkje med rektangulært skip og smalare kor med apsis. Ho hadde takryttar på mønet og det gjekk ein svalgang omkring. I 1685 vart apsis, austveggen i koret og svalen rundt desse rivne, og koret vart utvida mot aust. Koret vart rive i 1707, og kyrkja vart ombygd til krosskyrkje og fekk nytt kor. Ny kyrkje vart så oppført på ein ny stad i 1858 på grunn av problem med den gamle kyrkjestaden: Elva grov seg innover på kyrkjegarden og skapte problem i 1665, 1675 og 1685. Den tidlegare kyrkjetomta er pløgd opp til åker.

Berre skipet var i stavverk då kyrkja vart riven, og utsjånad og eigenart er kjende frå oppmålingar og skissar teikna av Georg Bull, som avgrensa seg til denne delen og utelot seinare, sekundære bygningsdelar. Skipet var ca. 6,55 m langt og 5,25 m breitt. Kyrkja skal ha vore særs trang og hadde veggfaste benkar og pulpiturar, ifylgje Bulls oppmåling. Andre detaljar er tolka ut av rekneskapar og synfaringsrapportar.

Gjenstandar frå stavkyrkja endre

Vestportalen frå stavkyrkja er bevart i Oldsaksamlinga. Portalen føyer seg inn i Sogn-Valdres-tradisjonen og har ranke- og dyreornamentikk. Ei eldre altartavle er tapt, medan eit altarbilete frå 1736 vart overført til den nye kyrkja. Preikestolen og døypefonten er gått tapt. Ein messehakel frå 1653 er å finne i Hallingdal Museum.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Diplomatarium Norvegicum XV:125
  2. Brendalsmo & Eriksson, s. 21.
  3. Norges kirker, hvis skildring også ligger til grunn for bygningsbeskrivelsen.