Opna hovudmenyen

FamilieEndra

Bull var son av Johan Storm Bull (1787–1838), som var apotekar ved Svaneapoteket i Bergen og Anne Dorothes Geelmuyden (1789–1875). Han var bror av fiolinisten Ole Bull og målaren Knud Bull.

Han gifta seg i 1858 med Emilie Constance Hjelm. Sonen hans Henrik Bull vart ein av dei best kjende arkitektane i si samtid.

KarriereEndra

 
Teikning av Homansbyen
 
Homansbyen, mars 2007

Georg Andreas Bull fekk teikneundervising hjå Franz Wilhelm Schiertz i Bergen i perioden 1843–1845. Han utdanna seg som maskiningeniør ved den polytekniske høgskulen i Hannover 1846–1850, der han òg kan ha følgd professor Conrad Wilheln Hase sine førelesingar i bygningskunst. I 1855–1856 tok han arkitektutdanning ved Der Königliche Bauakademie i Berlin.

Bull arbeidde med bygningsarkeologiske undersøkingar for Fortidsminneforeningen i perioden 1851–1855. I 1857 oppretta han arkitektkontor i Kristiania, vart bygningsinspektør i 1858, stadskonduktør frå 1865 og bygningssjef 1898–1903. Han var Finansdepartementet sib inspektør for Staten sine bygningar i Kristiania og omegn i perioden 1865–1887. I åra 1858–1889 verka han som utøvande arkitekt. I Kristiania regulerte han Homansbyen (1858), Meyerløkka (1859) og Grünerløkka (1861). Han teikna 15 av dei 65 husa i Homansbyen i ulike historistiske stilartar. På Meyerløkka teikna han, og fekk i 1860 oppført, sin eigen villa på «stjerneplassen» St. Olavs plass 1.

Bull var ein av dei første norske jarnbanearkitektane, og var NSB sin faste arkitekt i åra 1863–72. Han hadde også hatt oppdrag for jarnbana i fem år før dette. I denne perioden teikna han ei rekkje stasjonar på Drammenbanen, Randsfjordbanen, Krøderbanen og Rørosbanen. Til desse teikna han vesentleg stasjonsbygningar i sveitserstil, men til enkelte større stasjonar i byane, som Trondheims første stasjon (1864), Drammen stasjon (1866), Vestbanestasjonen (1872) og Austbanestasjonen (1882) teikna han bygningar i mur.

Prisar og utmerkingarEndra

Bull vart i 1875 utnemnt til riddar av St. Olavs Orden.[1] Han var òg riddar av Dannebrogordenen.

GalleriEndra

FotnotarEndra

  1. Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 201.

LitteraturEndra

BakgrunnsstoffEndra