Flatefjellet
Flatefjellet er eit fjell i Gulen kommune i Vestland. Det ligg mellom Klyvtveitvatnet i nord, Transdalsvatnet i sørvest og Steinsdalen i søraust. Største høgda er 642 meter over havet. Toppen av fjellet er, som namnet ymtar om, relativt flat. Fjellsidene rundt er som regel brattare, men har òg mange slakare parti, og fjellet er lett tilgjengeleg for fotturistar.
Flatefjellet | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Flatefjellet 60°57′15″N 5°18′49″E / 60.95429°N 5.31348°E |