Transdalsvatnet
Transdalsvatnet er eit vatn i Gulen kommune i Vestland. Det er rundt 1,1 km langt og 0,6 km breitt. Transdalsvatnet ligg 402 meter over havet, og har eit areal på 0,47 km²[1].
Transdalsvatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Utløp | Dalelva | ||
Nedslagsfelt | 2,69 km² | ||
Høgd over havet | 402 moh. | ||
Lengd | 1,1 km | ||
Breidd | 0,6 km | ||
Areal | 0,47 km² | ||
Koordinatar | 60°57′00″N 05°17′40″E / 60.95000°N 5.29444°E | ||
Transdalsvatnet 60°57′00″N 5°17′40″E / 60.95°N 5.294444°E |
Vassføringa frå Transdalsvatnet er overført til Klyvtveitvatnet gjennom ein 734 meter[1] lang tunnel, for å bli nytta i kraftproduksjon i Kløvtveit kraftverk. Overføringa tilsvarar rundt 42% av Dalelvas naturlege vassføring.[1] Då Yndesdalsvassdraget i 1986 vart verna mot kraftutbygging vart det gjort unnatak for Transdalsvatnet og det nærliggande Austgulstølvatnet. Dette vart grunngjeve med at vassføringa frå dei to vatna var naudsynt for ei lønsam utbygging av Kløvtveit kraftverk, som vart vurdert å «ha avgjerande tyding for distriktet si kraftforsyning i framtida».[2]
Vatnet var tidlegare kjent som eit godt fiskevatn, der det vart teke fisk av fin kvalitet. Men på grunn av sur nedbør på siste halvdelen av førre hundreår vart fiskestammen utrydda, og Transdalsvatnet var fisketomt i mange år. I 2006 vart det igjen sett ut fisk i vatnet, villfisk som var henta frå andre delar av Yndesdalsvassdraget.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
- ↑ St.prp. nr. 89 (1984-85) Verneplan III for vassdrag, Objekt nr. 83, Ynnesdalsvassdraget
- ↑ Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, s.94, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4