Flekkefjorden
61°20′9.9312″N 5°18′34.769″E / 61.336092000°N 5.30965806°E
Flekkefjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Fjaler | ||
Flekkefjorden 61°20′10″N 5°18′35″E / 61.3360939°N 5.30965805°E | |||
Wikimedia Commons: Flekkefjorden |
Flekkefjorden er ein fjordarm av Dalsfjorden i Fjaler kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Han strekkjer seg 7 km sørover til Flekke, som han er kalla opp etter.
Fjorden har innløp i nord mellom Hegreneset i aust og Leitaneset i vest. Litt inn i fjorden ligg bygda Haugland på austsida, nokre kilometer nord for Flekke. Etter Flekke held fjorden fram sørover til Trollevika og eit smalt sund inn til Flosjøen. Sundet mellom Trollevika og Flosjøen er berre 25 meter breitt og har sterk tidvasstraum.
Riksveg 607 går langs vestsida av fjorden, over fjorden ved det smale sundet og inn til Flekke.