Flint eller tinne er ein hard bergart med glasaktig utsjånad og med sedimentært opphav. Flint er samansett av kvarts og kalsedon. Flint har ofte eit kalklag på utsida. Han finst som knollar eller lag i krittavleiringar, og flinten kan vere svart, grå, gulaktig eller raudbrun av farge, med ein lysare overflate. Flint finst i hovudsak i lag frå juratida og i den øvre krittida. Bergarten finst ikkje opphavleg i Noreg, men finst enkeltvis langs kysten, der han er komen med drivis sørfrå under istidene.

Flintstein

Danning endre

Korleis flint vert danna er ikkje heilt avklart. Ein trur at flint oppstår som eit resultat av kjemiske forandringar i samanpressa sedimentære steinformasjonar gjennom ein diageneseringsprosses.

Bruk endre

 
Delt flinstein med avslag.
 
Steinalderøks av flint, tilhogd og polert (Muséum de Toulouse).
 
Skrapar av flint frå steinalderen (Muséum de Toulouse).

Flint kløyvde seg på eit slik vis som gjorde det lett å få fram særs skarpe eggar, og var difor det mest brukte materialet i steinalderen og bronsealderen til å lage slike reiskapar og våpen som vart nytta til å skjere, skrape, stikke og hogge med, til dømes knivar, økser, pilspissar og skraparar til å skrape reint kjøtsida av dyrehudar med. Tilhogginga til desse reiskapane kallar ein i arkeologien for knapping eller knakking.

Fyrtøy frå steinalderen var laga av ein flintstein, svovelkis, som lagar gneistar, og noko lett brennbart, til dømes knusk. Frå 1500- til 1800-talet vart flintstein brukt i fyrtøy. Flinten slo mot eit slagjern som gav gneistar som tente lett brennbart pulver. Flint vart brukt i flintbørser heilt opp i 1700-talet.

 
Romersk festning av murstein og flint frå Burgh Castle i Norfolk.

I flintrike område har steinen også vore brukt som byggjemateriale. Særleg i delar av Sør-England og East Anglia, finn ein døme på dette.

I moderne tid har flintstein spela ei mindre viktig rolle. Flint vert brukt i nokre typar asfalt for å forbetre den reflekterande verknaden. Fint malen flintstein vert nytta som slipemiddel.