Flodaigh Mòr
Flodaigh Mòr (eller Floddaymore, norrønt Flottey meiri ) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland.
Flodaigh Mòr | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 57°30′N 7°09′W / 57.50°N 7.15°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 0,58 km²
|
Høgaste punkt | 28 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Flodaigh Mòr ligg aust for North Uist, nær Ronay. Det ligg fleire store vatn på øya. Neset Rubha nan Caorach på austsida er nesten heilt frittliggande. I nord ligg skjera så tett at ho nesten er landfast med Floddaybeg.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flodaigh Mòr» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.