Florence Baverel-Robert

(Omdirigert frå Florence Baverel)

Florence Baverel-Robert (fødd 24. mai 1974 i Pontarlier i Franche-Comté) er ein fransk skiskyttar. Ho er olympisk meister i sprint frå OL i Torino i 2006.

Florence Baverel-Robert
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 24. mai 1974 (49 år)
Pontarlier
Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2006 – Sprint kvinner, biathlon at the 2006 Winter Olympics – women's relay

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen

Florence Baverel-Robert var med i verdscupen i skiskyting frå 1994 til 2007. Ho trente med klubben Entente Sportive Saugette de Ski/EMHM.

I 1994/95- og 1995/96-sesongen kom ho på 7. plass i verdscupen samanlagt, men fekk sidan svakare samanlagtresultat. Før OL i Torino hadde ho berre ein individuell medalje frå store meisterskap, bronse frå jaktstarten i VM i Holmenkollen i 2000. I OL i Torino vann ho sensasjonelt gull på sprinten, noko som òg var hennar første verdscupsiger. Ho var òg med å ta bronsemedalje på stafetten. 2006/07-sesongen vart hennar beste i verdscupen, og ho enda på 5. plass samanlagt. Etter dette la ho opp som aktiv skiskyttar.

Baverel-Robert vert rekna som ein svært god skyttar. Ho gifta seg i 2001 med skiskyttaren Julien Robert. Dei busette seg i Lièvre Mont nær den sveitsiske grensa.

Kortfatta merittliste endre

  • Verdscupen samanlagt:
    • 5. plass (2006/07)
  • Verdsmeisterskap:
    • 4 sølv, 3 bronse (beste individuelt: sølv på 15 km, 2007)
  • Olympiske leikar:
    • 1 gull (sprint, Torino 2006), 1 bronse
  • Verdscuprenn:
    • 1 gull, 7 sølv, 6 bronse

Bakgrunnsstoff endre