Fluxbox er ein vindaugehandsamar for X Window System som er basert på kjeldekoden frå Blackbox 0.61.6. Prosjektet vart starta fordi Blackbox i ein periode var lagt på is av utviklarane. Fluxbox er kjend for å vere lett og stabil samtidig som handsamaren har store moglegheiter for konfigurasjon. Sidan Fluxbox satsar på å levere eit minimum av grafiske effektar, har Fluxbox berre ei oppgåvelinje og ein meny som dukkar opp når ein høgreklikkar på bakgrunnen. Ein kan bygge ut med eksterne program for å få slike ting som ikon på skrivebordet. Fluxbox baserer seg på arkfaner, noko som gjer at eit programvindauge kan sleppast i eit anna.

Skjermskot av Fluxbox.

Bakgrunnsstoff endre


 
Vindaugehandsamarar for X window
AfterStep | Blackbox | evilwm | Enlightenment | Fluxbox | FVWM | IceWM | Ion | KWin | Metacity | MWM | Openbox | Sawfish | twm | Window Maker