Fobi

type angstliding
(Omdirigert frå Fobiar)

Ein fobi (frå gresk φόβος (phobos), 'frykt' eller 'flukt') er ein ugrunna, sjukleg angst for visse situasjonar, fenomen, dyr, ting eller liknande. Graden av angst kan variera mykje, frå såkalla fobiske frykter til å vera ei alvorleg liding — ei lammande angst som heilt kan dominere livet til eit menneske.

Kategorisering

endre

Ein deler gjerne fobiar i tre typar:

Behandling

endre

Nokre måtar å behandla fobiar er:

  • Gradvis tilnærming - ein eksponeringsbehandling der pasienten gradvis blir utsett for det som gjev angst i trygge omgjevnader. Dette er ei form for kognitiv adferdsterapi.
    • «Virtual reality», ei form for gradvis tilnærming der pasienten ved hjelp av til dømes hanskar og briller opplever ein kunstig røyndom simulert av ein datamaskin.
  • Medisinering - angstdempande medisinar.

Ikkje-kliniske fobiar

endre

I løpet av dei siste tiåra har ein på engelsk og seinare på norsk teke til å nytta endinga -fobi om sterke kjensler og haldningar mot noko, men som ikkje eigentleg er psykiske lidingar.

Kjelder

endre